Fleire unge slit med å finne seg sommarjobb. Det gjorde også Casper Axelsen Hønnås (17) frå Frosta.
Derfor la han ut ein video på Facebook, der han spurde folk om tips til jobbar som passa til han.
«Eg vart fødd med ein hjerneskade som heiter cerebral parese og det fører til ein del avgrensingar i kvardagen, som også gjeld når ein skal finne seg arbeid om sommaren», seier han i videoen.
RADIOVIKAR: Casper Axelsen Hønnås på jobb i Nea Radio.
Foto: Karin Jegtvik / Nea RadioMøter fleire barrierar i arbeidslivet
– Eg kan ikkje love at eg er ein proff reporter, ler Hønnås når NRK kjem på besøk i stua hans heime på Frosta.
For ja – 17-åringen har fått jobb, som reporter i lokalradioen.
Kort tid etter at han la ut jobbsøknad-videoen, fekk han napp. Nea radio ville tilsetje han som sommarvikar. No har han besøk av eit intervjuobjekt, og har opptakaren klar på bordet.
– Eg har alltid sete i rullestol. Og da er moglegheitene ikkje heilt dei same. Eg skaut frå hofta – og la ut videoen, seier Hønnås.
Les også:
Handlar om fordommar, uvisse og redsel
– Unge med funksjonshemmingar er ei gruppe som møter litt større hindre enn andre når dei skal inn på arbeidsmarknaden.
Det stadfestar Berit Therese Larsen, interessepolitisk leiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).
Ifølge ho varierer det litt utifrå kva funksjonshemming ein har kor utfordrande det er å få jobb. Men generelt er det vanskelegare o kome inn på marknaden for unge personar med funksjonshemmingar.
– Det handlar både om fordommar, uvisse og redsel for kostnadar ved tilrettelegging og fråvær. Mykje av dette er ugrunna, utdjupar Larsen.
UGRUNNA FORDOMMAR: Berit Therese Larsen i FFO meiner mange av fordommane mot funksjonshemma i arbeidslivet er ugrunna.
Foto: Lars Opstad / Lars OpstadRedaktør i Nea Radio, Karin Jegtvik, meiner det finst ein plass for alle i arbeidslivet.
– Og vi som arbeidsgjevarar har eit ansvar, seier ho.
Om tilsetjinga av Hønnås, seier ho følgjande:
– Han hadde god formidlingsevne, var sjarmerande, kom veldig fram i skjermen og hadde god radiostemme, så då vart eg selt.
VART SJARMERT: Karin Jegtvik, redaktør i Nea Radio likte Casper Axelsen Hønnås si formidlingsevne og radiostemme, så ho gav han sommarjobb.
Foto: Solvår Flatås / NRKDet 17 år gamle radiostjerneskotet frå Frosta har eit råd som han håper andre unge med funksjonshemmingar følgjer.
– Du må ikkje vere redd for å stå fram, du kan berre vinne på å prøve, det kjem berre gode ting ut av det, seier han.
– Det går ofte mykje betre enn dei trur,
Nærmare 1 av 5 personar med funksjonshemmingar i alderen 18–66 år var i arbeid i 2020, ifølgje SSB.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon oppfordrar folk til å ikkje gje opp jobbsøkinga.
– Fordi det viser seg at mange kjem seg inn i ein jobb om ein prøver ei stund, seier Berit Therese Larsen.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon erfarer at arbeidsgjevarar som har tilsett unge med funksjonshemmingar ofte er veldig nøgde – slik som Nea Radio.
– Det går ofte mykje betre enn dei trur, seier Berit Therese Larsen.
FFO erfarer også at arbeidsgjevarane ofte er meir positive til å tilsetje fleire med funksjonshemmingar når dei først har tilsett ein person med ei funksjonshemming.
– Fordi dei ser at desse personane leverer godt i ein arbeidssituasjon, seier Larsen.
INGENTING Å TAPE: Casper Axelsen Hønnås meiner folk med funksjonshemmingar ikkje har noko å tape på å søke jobb
Foto: Karin Jegtvik / Nea Radio