Brennheit båtmarknad og skadebonanza til sjøs: – Det er mange nye båtfolk

I slutten av juni hadde Fremtind forsikring registrert 30 prosent fleire skadesaker knytt til båt enn til same tid i fjor.

DRAUMEBÅTEN: Ingrid Lien Halvorsen (24) og Erling Rennemo Jellum (29) seglar i sommar.

Å nyte utanlandsreiser, kulturopplevingar, uteliv og lagidrett – så å seie det meste som er feitt – vart plutseleg umogleg for oss 12. mars i fjor.

Sidan då har fleire nordmenn heist segl, fyrt opp påhengsmotorar og tatt årene fatt.

I fjor segla nordmenn på seg rekordhøge 608 millionar kroner i erstatning for materielle skader på båtar, ifølgje Finans Norge.

Ingrid Lien Halvorsen (24) frå Nøtterøy og Erling Rennemo Jellum (29) frå Asker har så langt styrt klar på sin segltur frå Trondheim til Kristiansand i båten «Tao».

Saman med eit roterande mannskap beståande av vener i tjueåra, med svært variabel seglerfaring, har dei no kome seg til Stavanger.

Ingrid Halvorsen og Erling Jellum

PÅ VEG TIL KRISTIANSAND: Ingrid Halvorsen og Erling Jellum seglar frå Trondheim til Kristiansand i ferien.

Foto: Privat

Men det er ekstra mange skjær i sjøen for ein gammal seglbåt. Jellum og Halvorsen må vere litt som MacGyver, både kaptein, røyrleggar, elektrikar, snikkar og kokk.

Og med fleire meir eller mindre erfarne folk til sjøs i sommar, er det mykje som kan gå gale.

Skadebonanza til sjøs

Fleire av båtane dei har møtt på vegen har hatt ulykker om bord. Jellum og Halvorsen er stadig på vakt.

– I går hadde to av venene våre brann om bord i seglbåtane sine, seier Halvorsen.

Brann i elektrisk anlegg i båt.

BRANN I ELEKTRISK ANLEGG: Venene til Jellum og Halvorsen anbefaler folk om å ha sløkkeapparat og røykvarslar om bord i båten.

Foto: Privat

Skadar på fritidsbåtar har auka radikalt under pandemien, viser tal frå forsikringsselskapet Fremtind og Finans Norge.

– Det er mange nye båtfolk, utan så mykje erfaring, seier Therese Nielsen.

Ho er skadeførebygger i Fremtind, som er forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB.

Erling Rennemo Jellum understrekar at det er særleg risikabelt med gamle seglbåtar. Som «Tao», som er ein Alo33 bygd i 1979.

Det kan i verste fall skje noko fatalt. Men i 90 prosent av tilfella går det jo bra, seier han.

Utypiske båteigarar

Det å kjøpe seg båt er kanskje framleis eit teikn på midtlivskrisa. For det er særleg ein type folk som er ute etter det.

– Snittalderen for dei som ser etter båt på Finn.no er 44 år, og dei fleste er menn, seier Eirik Håstein.

Han leiar motoravdelinga til nettstaden.

– Det er ein typisk luksusartikkel, som ein unner seg når alt anna er i boks, legg han til.

Men det finst altså unntak.

Synne Høyås seglar i sommar, i staden for å jobbe.

SETTE SJØBEIN: Synne Høyås er ein av mange som har kjøpt seg båt i år.

Foto: Privat

Droppa sommarjobb for å segle

Østfoldingen Synne Høyås har lenge drøymt om sin eigen seglbåt, men det var først i år ho tok steget.

– Eg følte eg trong eit eventyr. Når eg hadde moglegheita valte eg å ikkje jobbe, og heller kjøpe meg båt og segle heile sommaren, seier Høyås.

Ho vart inspirert av kameraten Endre Aasen frå Kristiansund, som kjøpte seg båt i fjor.

Han meiner koronaen har opna auga til mange for kor vakkert Noreg er.

– Ein kan ha det tusen gongar feitare her heime på kysten enn på ein bytur til utlandet, seier han.

Om du vurderer å kjøpe deg båt, kan du lese tipsa til Høyås og Aasen nedst i saka

Endre Aasen

KJØPTE I FJOR: Endre Aasen frå Kristiansund kjøpte seglbåten sin i fjor sommar. Det siste året har han budd i den i Trondheim.

Foto: Privat

Ikkje heilt smertefritt

Etterspurnaden etter nye og brukte fritidsbåtar har vore enorm under pandemien.

Båtseljarar har slite med å møte den, ifølgje Norboat.

– Vi trur salet, utruleg nok, blir enda litt betre i 2021 enn i rekordåret 2020, seier dagleg leiar Magnus Ryhjell.

Likevel har ikkje 2021 gått heilt smertefritt for dei som lever av å selje fritidsbåtar. Mange har støtt på problem med leveransar av båtar, motorar og deler.

– Å møte den enorme interessa har vore vanskeleg, seier Ryhjell.

Spår «reality check»

Stort press på dei som sel nye båtar, har ført til at fleire kjøper brukte båtar i år.

– Vi har ei rekkje eksempel på nyare brukte båtar som var prisa likt som – eller høgare – enn heilt nye, tilsvarande båtar, seier Magnus Ryhjell i Norboat.

– Vi er spente på om folk framleis vil ha desse båtane etter kvart som pandemien slepper taket, seier Eirik Håstein i Finn.

Ryhjell trur prisane på brukte båtar snart vil gå ned.

– Bruktmarknaden har nok lege på eit kunstig høgt nivå, og får seg nok snart ein «reality check», seier han.

Magnus Ryhjell, dagleg leiar i Norboat.

SPÅR PRISNEDGANG: Magnus Ryhjell, dagleg leiar i Norboat trur prisane på bruktbåtar kjem til å falle igjen snart.

Foto: Norboat

Fire tips til deg som har lyst på båt

Lytt til erfarne båtfolk

Er du uerfaren bør du be nokon du kjenner, med god peiling på båt, om råd om kva du bør kjøpe.

– Ta dei også gjerne med for å inspeksjon av båten, før du slår til, anbefaler Synne Høyås.

– Ikkje ver redd for å spørje om hjelp, seier Erling Rennemo Jellum.

Erling Rennemo Jellum spelar Johnny Cash på seglbåten sin "Tao".

OVERTYDD: – Det er ein totaloppleving. Eg er heilt overtydd over at du ikkje finn mange stadar som er vakrare å segle enn på norskekysten, seier Jellum.

Meld deg inn i ei facebookgruppe

Folk i båtmiljøet er veldig hjelpsame, seier Jellum.

Men ta råda med ei klype salt.

– For det er mange ulike syn på ting, og mange gamle gubbar som trur dei kan alt, skyt Halvorsen inn med eit smil.

Ingrid Halvorsen.

MIDNATTSSEGLAS: – Det beste med turen har vore å sjå kval og midnattsseglas i solnedgangen, seier Ingrid Halvorsen.

Foto: Privat

Finn ein som er god der du er dårleg

Synne Høyås anbefaler folk å finne ein båt som er god på det du er dårleg på. Sjølv er ho for eksempel dårleg på å «mekke».

– Så for meg var det viktig med ein driftssikker motor, seier ho.

Synne Høyås har kjøpt seg eigen seglbåt i sommar.

DRIFTSSIKKER: Synne Høyås kosar seg med ein båt som passar perfekt for hennar bruk.

Foto: Privat

Spar pengar på å vere kreativ

Marknaden for ting du kjøper til båt er laga for den typiske båteigaren, åtvarar Endre Aasen.

Aasen tipsar folk om å vere kreative og forsøke å fikse ting på ein billigare måte.

– Då går det bra, sjølv om du ikkje har økonomien til ein godt vaksen mann som allereie har hus, hytte og bil, seier studenten.

Endre Aasen seglar langs norskekysten i sommar.

ØKONOMISK: Endre Aasen er student med trong økonomi. Han lar ikkje det stoppe han frå å nyte sjølivet. Derfor bur han og i båten sin. På dette bildet er han på veg til Møre og Romsdal, der han jobbar i sommar.

Foto: Privat