Malvik ber om stopp i kampaktivitet

På grunn av smittesituasjonen i Malvik, oppfordrar kommunen om at all organisert kampaktivitet, og liknande samlingar på tvers av lag, uansett alder, blir stoppa ut veke 24. Det same gjeld innandørs trening. Utandørs trening med eige lag for barn og unge, kan gjennomførast, skriv dei i ei pressemelding i kveld.