Hopp til innhold

Malar Knutsen & Ludvigsen på veggen

Øystein Dolmen har fått frie hender og ein kvit sjukehusvegg å dekorere. Neste veke skal Knutsen & Ludvigsen-maleriet hans avdukast.

Øystein Dolmen dekorerer sykehusveggene på St. Olavs Hospital

- Kjøp deg penslar og maling og begynn å male på stueveggen heime, er Øystein Dolmens råd til ungane som går forbi.

Nysgjerrige ungar går sakte forbi i foajeen på kvinne-barn-senteret på St. Olavs Hospital i Trondheim.

Dei ser ein mann som er i full gang med å fylle ein stor vegg med eit fargerikt maleri.

Det er Øystein Dolmen, som saman med Gustav Lorentzen utgjorde duoen Knutsen & Ludvigsen. Han illustrerte omslaga på platene dei gav ut på 70- og 80-talet, og får no male på veggane på sjukehuset.

– Dette har vore ein stor draum heilt sidan eg var liten og begynte å rable på veggane ute, seier Dolmen.

– Den gongen fekk eg kjeft, juling – eller vart jaga vekk. No får eg lov til å stå her og rable så mykje eg vil. Og så får eg betaling!

Det er kjente figurar frå Knutsen & Ludvigsens univers, og dei er fargerike og glade.

– Når du er på sjukehuset, er det viktig å sjå noko som muntrar deg opp, meiner Hildegunn Kjerringvåg, som er spesialpedagog på St. Olavs Hospital.

Øystein Dolmen og en grevling

Også grevlingen er på plass når universet rundt Knutsen & Ludvigsen skal gjenskapast.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK