Hopp til innhold

Må spa møkk på golfbana

Trondheim Golfklubb må kvar dag jage bort sauer og spa møkk av golfbana.

Sauer på golfbana i Trondheim
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Sauene bruker å halde seg langt inne i Bymarka i Trondheim, men i år synest dei tydelegvis det er mykje artigare å ta turen ned mot byen.

Bana til Trondheim Golfklubb ligg fint til i Bymarka. Den er omringa av skog og med ein nydeleg utsikt. Men for greenkeeper Einar Anders Eriksen, byr det naturskjønne nærmiljøet på litt problem.

- Sauene kjem gjennom gjerder og ferister og drit på greenen. Vi bruker gjerne to timar kvar dag på å jage sauer ut av golfbana igjen, seier Eriksen til NRK Trøndelag.

 

Mange klager frå folk

Det er Bente Sagberg som eig sauene. Ho får kvar dag telefonar frå hus- og hytteeigarar som er irriterte på at sauene hennar er i hagen deira. Spesielt mange telefonar kjem nettopp frå golfbana på Sommarsætra.

- Eg har aldri opplevd ein slik invasjon av sauer som i år. Det kan vere opp mot 50-60 sauer på golfbana. Dei som spelar golf kan ikkje ha dyra liggande på bana, det skjønnar eg jo godt, seier Sagberg.

Ber kommunen om hjelp

Golfklubben er i ferd med å betre gjerda rundt bana, men det hjelper ikkje dei mange naboane som er plaga med sauebesøk.

Når sauene går så nærme byen, må det settast inn tiltak. Saueeigar Sagberg meiner at hytteeigarane sjølv kan gjerde inn eigedomane sine, men også at kommunen må på bana.

- Vi prøver å luke ut dei verste dyra, men det er inga varig løysing. Det er klart vi må inn i ein dialog med kommunen for å få sett opp nye gjerder, seier Sagberg.