NRK Meny
Normal

Kyrne til Per Robert fekk intimkonsert idag

Luftforsvaret sitt musikkorps spela minikonsert for Randi og Per Robert Steinvikaune - og dei 70 kyrne ute i fjøsen. Som korpset sjølv kallar det: ekte nasjonalromantikk til ære for Dagros.

Luftforsvaret sitt musikkorps spelte minikonsert for Randi og Per Robert Steinvikaune - og dei 70 kyrne ute i fjøsen.

Randi og Per Robert Steinvikaune får idag besøk av kammergruppa Blåsekvintetten, som skal spele intimkonsert for dei i stova - og deretter for kyrne i fjøsen.

– Eg er litt spent, fordi dei kan fort bli skvetne!

Randi Steinvikaune og mannen Per Robert fekk idag besøk av kammergruppa Blåsekvintetten som spela intimkonsert i stova deira på Skatval i Trøndelag. Da dei var ferdige bevega dei seg ut i fjøsen for å spele for 70 kyr. Randi var redd dei skulle bli litt skvetne, då dei ikkje er vant til korpsmusikk:

– Vi spelar berre P1 i fjøsen, så spørst om korpset må prøve å spele litt stille.

Når korpset spela vart kyrne litt urolige, men Randi fortel at dei roa seg fort. Det var korpset sjølv som ville spele for kyrne, så det vart "Kulokk" av Edvard Grieg.

Korpset var nedleggingstruga

Grunnen til at korpset speler intimkonsert er fordi dei lodda ut tre stykke tidlegare i år. Informasjonsansvarleg for Luftforsvaret sitt musikkorps, Unni Skoglund, fortel at dei ville gi ei gåve tilbake til publikummet sitt som har vore ei støtte gjennom tunge år.

– Det var eit par år kor vi ikkje visste om korpset her i Trondheim kom til å overleve. Det var ein trussel som hang over oss, og i november fekk vi endeleg gode nyheiter.

Dermed skreiv Luftforsvaret sitt musikkorps på Facebook at dei lodda ut tre intimkonsertar, og ein av desse vann Randi og Per Robert.

Kyr får intimkonsert

"Kulokk" av Edvard Grieg var melodien som vart spelt for kyrne.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Eg skreiv ein e-post til dei om at eg hadde ei storbedrift med to tilsette, og at det hadde vore litt artig med noko kulturelt for oss bøndene. Eg er glad i korps og musikk, så det var veldig kjekt at vi fekk ja!, seier Randi.

Fullt i stove og fjøs

Randi og mannen inviterte naboar og venner til konserten. Det var i underkant av 20 stykke (på to bein), og Skoglund seier det var bra.

– Det blei jo fullt i stova! Kammergruppa gleda seg veldig, då det er ei heilt spesiell oppleving å spele intimkonsert, fortel Skoglund.

Skoglund fortel at ho ikkje hugsar ein einaste konsert dei har hatt heime hos nokon før, og ho trur det blir ei fin oppleving. Den neste konserten skal spelast seinare i kveld heime hos nokon som har kreftsjukdom i familien, og den siste skal spelast for korpsentusiast Torbjørn Fossum.