Hopp til innhold

Lotte vann på heimebane

Lotte Lien vann 10-4 over danske Gry Espensen i Leangen Idrettshall laurdag ettermiddag.

Lotte Lien og Gry Espensen
Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Gry Espensen er tidlegare både dansk og nordisk meister, men under B-30 Box Cup, i Trondheim blei ho slått av heimefavoritten Lotte Lien.

EM-gull

Søndag for snart tre veker sidan imponerte Lotte Lien alle med 5-0 siger i finalen og EM-gull i weltervekt.

Motstandar polske Katarzyna Furmuniak hadde ikkje noko å stille opp med.

Kampen i Leangen Idrettshall var den første kampen Lotte boksa etter EM-gullet.

Årleg stevne

B-30 Box Cup er ei årleg turnering i Trondheim som går av stabelen i Trondheim. Laurdag føremiddag var det ungdom 75 kilo som var i elden i bokseringen.

B-30 Box Cup

Mattias Eli og Rikard Fredriksen.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Mattias Eli frå Ulf'an møtte Rikard Fredriksen frå B-30 til kamp. Den kampen var det Fredriksen som gjekk sigrande ut av.

B-30 Box Cup går av stabelen 9.-11. oktober.

Møt Lotte Lien:

Lotte Lien
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.