Hopp til innhold

Lokkar bjørn med Li-lefse

Bjørnen i Lierne blir fora med Li-lefse. Det vil Statens Naturoppsyn ha slutt på.

Bjørn spiser sau i Susendal i Nordland. Brunbjørn

Arkivfoto:

Foto: Einar O. Båfjelldal / NRK

Statens Naturoppsyn har den siste tida funne fire åteplassar for bjørn.

Tre av desse ligg i Lierne, mens ein ligg på svensk side av grensa. Den eine av åteplassane ligg midt i eit område der det beiter sauer.

– Vi ser på utviklinga som svært uheldig. Kombinasjonen med lett tilgjengeleg mat og lukt frå menneske kan skape farlege situasjonar, seier regionansvarleg i Statens Naturoppsyn i Nord-Trøndelag, Tore Solstad, til Trønder-Avisa .

Vil stoppe foringa

Bjørnen i Lierne skal ha blitt fora med både trafikkdrepen elg, fiskeavfall og lefse frå Lierne.

– I eitt tilfelle mistenkjer vi også at det er brukt melasse, som er eit sukkerhaldig stivelsesstoff, som verkar veldig smakfullt på bjørnen, seier Solstad til avisa.

Det er ikkje noko som tyder på at dei som forar bjørnen driv med ulovleg jakt. Tore Solstad trur heller det dreier seg om folk som ønskjer å trene jakthundane sine.

Statens Naturoppsyn ønskjer likevel å sette ein stoppar for den kunstige foringa.

Skaut to bjørnar

Torsdag denne veka blei det skote to bjørnar i Trøndelag, ein i Selbu og ein i Rørostraktene.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag hadde gitt løyve til å felle ein bjørn frå ei stadig veksande stamme.

Kommunikasjonsproblem gjorde at meldinga om bjørnetreff på Røros aldri nådde fram til Selbu.

Ikkje politimeldt

Dei ulike tilfella av kunstig foring er ikkje meldt til politiet.

Det er nemleg lov å leggje ut kadaver eller slakteavfall som åte, om dødsfalla har skjedd i naturen og åten blir brukt der dyret har døydd.

Miljøkoordinator Nils Roger Duna ved Nord-Trøndelag politidistrikt kjenner ikkje at det har blitt lagt ut lefse og fiskeavfall til bjørnen i Lierne. Han uttaler seg til Trønder-Avisa på generelt grunnlag.

– Politiet har ansvaret for tryggleiken til folk. Problemet med bruk av åte er at bjørnar lærer seg å ete naturleg avfall. Då kan vi fort få ein problembjørn, som kan skape farlege situasjonar, seier Duna.