Hopp til innhold

Roar køyrde på 14 kyr: – Det kjendest ut som toget klatra opp på ryggen deira

Kvart år blir kring 2000 dyr drepne av tog, men i år er talet på veg ned. Roar er ein av mange lokførarar som har dyrepåkøyrsler som ein del av arbeidskvardagen sin.

Roar Grande

Lokførar Roar Grande køyrde på 14 kyr tidlegare i sommar, og fortel at han trudde toget ville spore av.

Foto: Mari Svenning / NRK

Lokførar Roar Grande har køyrd på hundrevis av dyr i løpet av sin 30 år lange karriere. Førre episode var mellom Ulsberg og Berkåk på Dovrebanen.

– Eg køyrde på dei bakfrå. Det kjendest ut som toget klatra opp på ryggen deira, fortel Roar.

Tidlegare i sommar køyrde han på 14 kyr, som alle vart drepne av godstoget hans.

– Det vart mykje vibrasjonar i toget, og eg var sikker på at vi kom til å spore av. Heldigvis gjorde eg ikkje det, men det vart full stopp. Eg gjekk faktisk ut for å sjekke at vi framleis var på sporet, fortel Roar.

– Det er ein tragisk situasjon for dyra. Dei hadde ingen plass å springe, seier Roar, som forklarar at kyrne var på veg igjennom ei trong fjellskjæring.

Roar Grande, tog

Roar er glad han hadde eit tungt og massivt tog når han køyrde på dei 14 kyrne. Han samanliknar det med dette toget, og fryktar at dersom han hadde køyrd eit slikt som ein ser i bakgrunnen ville det spora av.

Foto: Mari Svenning / NRK

Vil redusere talet på drepne dyr

I løpet av dei fem første månadane i 2017 har 515 dyr blitt påkøyrd av tog. Talet for same perioden dei siste ti åra er 1019 – nesten det dobbelte.

– Det er ikkje noko artig å køyre på dyr, men det har blitt ein del av yrket, fortel lokførar Roar.

Antall påkøyrde dyr 2010-2016

Kvart år blir omlag 2000 dyr påkøyrd av toget, men talet i 2017 frå januar til mai er 515 – nesten halvparten av dei siste ti åra.

Foto: TAL HENTA FRÅ BANE NOR

Kvart år blir kring 2000 dyr påkøyrd av tog, og Bane NOR har i fleire år hatt som mål å redusere talet til 1400. Dette kan dei kanskje klare i år, då kurven med dyrepåkøyrsler ser ut til å gå nedover i 2017.

– Ein ser at dyra lid

Leiar i Norsk Lokomotivmannsforbund, Rolf Ringdal, seier det er traumatisk for lokførarane å køyre på dyr.

– Du sit i toget og køyrer på eit dyr, eit liv, som vi har eit godt og positivt forhold til. Ein ser at dyra lid, og sjølvsagt er det traumatisk, seier Ringdal.

Rolf Ringdal

Leiaren i Norsk Lokomotivmannsforbund seier at det er dramatisk å køyre på dyr.

Foto: NRK

Bane NOR ser likevel ei positiv utvikling i første halvdel av 2017, då talet for påkøyrde dyr fram til mai berre er 515. Jernbaneverket håpar å redusere talet frå år til år, og har frå 2014 brukt 263 millionar kroner på tiltak langs banene som skal ha ein reduserande effekt på dyrepåkøyrsler – mellom anna rydding av skog og oppsetting av gjerde.

Traumatisk, men ein del av jobben

Lokførar Roar Grande fortel at det er ei kjempeutfordring å stoppe dersom dei ser noko i sporet.

– Du har ikkje mange sekund å reagere på. Ein kjem fort rundt svingane, og eit stort og tungt tog treng kanskje ei bremselengde på kring 700 meter, seier lokføraren.

Roar Grande

Roar fortel at det er ein tragisk situasjon for dyra, men at han må klare å legge det frå seg når arbeidsdagen er over.

Foto: Mari Svenning / NRK

Heldigvis har han ikkje køyrd på noko menneske.

– Bank i bordet, seier han.

Roar fortel at det er sjeldan han køyrer på kyr, då det vanlegaste er sau og elg – særleg på sommarhalvåret. Han og kollegaane håpar kurven held fram å søkke, slik at færre dyr vert drepne av tog.

– Vi vil helst unngå å køyre på dyr, men det er ikkje noko eg tek med meg heim. Vi pratar saman på jobb, men når dagen er over kopla eg ut og reiser heim, avsluttar Roar.