Roar Ljøkelsøy Foto: Kimimasa Mayama/Reuters
I tillegg til Roar Ljøkelsøy har Norges Skiforbund tatt ut Sigurd Pettersen (Rollag & Veggli), Bjørn Einar Romøren (Hosle IL) og Lars Bystøl (Eldar IL) til ski-VM 18. februar til 1. mars.
Dei to andre trønderske hopparane, Tommy Ingebrigtsen frå Trondheim og Anders Bardal frå Steinkjer har framleis sjansen, men då må dei overbevise Skiforbundet under NM stor bakke på Lillehammer kommande helg.