Hopp til innhold

Linnea fekk antipsykotika for å sove – forskarar åtvarar mot overdriven bruk

Då Linnea blei gravid, fekk ho antipsykotikaet kvetiapin for å sove. Sidan blei ho verande på medisinen i to år. Salet av slik medisin har auka stort.

Linnea Maaløe-Kron fra Danmark forteller om hvor vanskelig det var å slutte på seroquel.
Foto: Linnea Maaløe-Kron
Foto: Linnea Maaløe-Kron

– I starten gjekk det fint. Eg skjønte raskt at ei pille ikkje var nok. Etter kvart auka eg dosen til to piller. På det tidspunktet var eg berre glad for å få sove, seier Linnea Maaløe-Kron.

Medisinbruken til den danske kvinna starta for to år sidan. På det tidspunktet venta småbarnsmora sitt andre barn.

– Eg hadde det tøft og eg sov lite. Jordmora sende meg til ein psykiater som skreiv ut kvetiapin til meg mot søvnløyse. Det var ei veke før eg skulle føde.

Sidan gjekk ho to år samanhengande på antipsykotika.

For å klare å sove måtte ho ofte ta opp til 75 mg som var maksdose for det legen hadde anbefalt henne å ta.

Søvnen min var absolutt ikkje god. Eg sovna kanskje raskare, men eg sov dårleg, seier ho.

Ikkje meint som sovemedisin

Då AstraZeneca i 1997 lanserte sitt andregenerasjon antipsykotika med virkestoffet kvetiapin, fekk dei først godkjenning til å promotere han for korttidsbruk i psykosebehandling av schizofrene. Salsnamnet var Seroquel.

Etter ei tid godkjente US Food and Drug administration (FDA), medisinen for bipolar liding og bipolar depresjon.

Overlege Joachim Frost ved St, Olavs hospital

SØVNBEHANDLING: – I dei aller fleste tilfelle skal ein ikkje bruke medisinar i behandling av søvnløyse i det heile tatt, seier overlege Joachim Frost.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

– Kvetiapin tok aldri heilt av i behandling av psykosar som han opphavleg var meint for, seier spesialist i klinisk farmakologi ved NTNU, Joachim Frost.

Overlegen som jobbar på St. Olavs hospital i Trondheim, fortel at medisinen ikkje har blitt trekt fram som eit førsteval i behandling av schizofreni og bipolar liding.

Auka bruk

I 2003 blei kvetiapin lansert i Noreg. Medan salet av dei andre antipsykotiske medikamenta har vore stabilt, auka salet av kvetiapin for kvart år som gjekk.

Kurva er enno på stigande kurs, ifølgje reseptregisteret og FHI.

Fagfolk har peika på at den store auken tyder på at stadig fleire pasientar får lågare dosar på resept enn det som er innanfor godkjent bruksområde. Ein seier at det blir gitt «off label».

Å skrive ut medisin «off label» er ikkje ulovleg. Men det betyr at legen, som skriv ut medisinane utanfor godkjent bruksområde har ei større juridisk forplikting dersom pasienten skulle bli sjuk av biverknadane.

Mathias Holm Pedersen, nordisk kommunikasjonssjef i AstraZeneca.

NORDISK SJEF: Nordisk kommunikasjonssjef i AstraZeneca, Mathias Holm Pedersen fortel at det er mange biverknadar knytt til medisinen kvetiapin, men ikkje alle får det.

Foto: Astrazeneca / Astrazeneca

Men i EU og i Noreg blei Seroquel ikkje godkjent til bruk ved søvnproblem (insomnia).

– Legar kan alltid vurdere å bruke eit legemiddel utanfor godkjent indikasjonsområde, og vi som legemiddelfirma har ingen rolle i dette, fortel Mathias Holm Pedersen, kommunikasjonssjef i AstraZeneca.

Pedersen viser til at legemiddelet, som alle andre legemiddel, kan gje biverknader (sjå faktaboks). Men ikkje alle får det, påpeiker han.

– Uheldig medisinbruk

– I Noreg og i mange andre land har ein brukt kvetiapin i søvnbehandling for å unngå å bruke benzodiazepiner – ei gruppe medisinar som er kjende for å vere sterkt avhengigheitsskapande, seier Frost.

– For pasientar med misbrukshistorikk, kan det kanskje forsvarast å bruke kvetiapin mot søvnvanskar og uro, men for dei aller fleste er ein slik bruk uheldig, legg han til.

Overlegen nemner at AstraZeneca i 2010 måtte betale store bøter for ulovleg og villeiande marknadsføring av Seroquel i USA.

Medisiner i apotekhylle

LANGVARIGE SØKSMÅL: I 2010 måtte AstraZeneca betale ein bot på 520 millionar dollar for å ha promotert produktet utanfor godkjent bruksområde. Dei blei skylda for å ha spreie villeiande og usann reklame om Seroquel mot helsepersonell gjennom legar dei betalte.

Foto: Scanpix

Vendepunktet for Maaløe-Kron kom for 11 månader sidan. Ved eit uhell slo ho hovudet sitt og fekk ei hjerneristning. Ho byrja å gå til ein klinikk der ho møtte ein humanfysiolog som meinte «den kunstige søvnen» kunne forsinke betringa av hjerneristninga.

Saman fann dei ut at ho skulle avslutte medisinbehandlinga. Men nedtrappinga viste seg snart å vere lettare sagt enn gjort.

– Eg var kvalm, kasta opp, fekk angst, hadde magesmerter og sov ekstremt dårleg. Det har vore eit mareritt, fortel ho.

Veit lite om langtidseffektane

I Noreg blei forskingskronikken «Kvetiapin blir brukt for mykje», publisert i tidsskriftet til Den Norske legeforening i 2018. Forskarane åtvara medisinsk helsepersonell om dei farlege biverknadene av langtidsbruk.

Dei skreiv at «Kvetiapin bør skrivast ut på dokumenterte bruksområde».

Joachim Frost på laboratoriet ved Teknobyen i Trondheim.

IKKJE FORSKA NOK: – Noko av problemet med å bruke kvetiapin utelukkande som sovemiddel er at det ikkje er godt nok forska på. Derfor kan ein mellom anna ikkje vite nok om langtidseffektane, seier Frost.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

I kronikken står det at langtidsbruk mellom anna kan auke risikoen for hjarterelaterte dødsfall.

Året etter dukka ein ny kronikk opp i det same tidsskriftet. Overskrifta lydde «Kvetiapin er ikkje ein sovemedisin».

Her står det at berre om lag 4 prosent av kvetiapinbruken i Noreg blei brukt for det medisinen opphavleg var meint for, ifølgje ei undersøking kronikken baserer seg på.

Kronikken har overlege Frost frå Trondheim vore med på å skrive.

– Noko av problemet med å bruke kvetiapin utelukkande som sovemiddel er at det ikkje er godt nok forska på. Derfor kan ein ikkje vite nok om langtidseffektane, seier han.

AstraZeneca sine eigne forskingseksperiment med kvetiapin gjekk berre over nokre veker.

– Ikkje spesielt problematisk

Men er kvetiapin verkeleg så risikofylt og avhengigheitsskapande som folk skal ha det til?

NRK tar kontakt med professor emeritus ved Senter for rus- og avhengigheitsforsking (SERAF) ved Universitetet i Oslo, Helge Waal.

– Eg er delvis einig i påstanden om at det blir skrive ut for mykje kvetiapin i bruk i søvnbehandling. Men biverknadene er først og fremst knytt til bruk av høge dosar.

Helge Waal, professor ved Universitetet i Oslo

MEIR EIT HJELPEMIDDEL: – Kvetiapin er neppe ein lækjande medisin, men meir å vurdere som eit hjelpemiddel. Medikamentell behandling bør vere ein del av ein meir heilskapleg tilnærming, seier professor Helge Waal.

Foto: UiO

Nokre studiar peikar på at medisinen kan gi ønskt effekt ved enkelte typar søvnvanskar, men studiane er metodologisk svake.

Er det ein helserisiko å gå på ein lågdose med kvetiapin over fleire år?

– Enkelte vil oppleve vektauke. Ein bør følgje med på blodsukkeret. Kvetiapin er ikkje spesielt problematisk, men nytteverdien er ofte avgrensa.

– Trur du ein kan bli avhengig av medisinen?

– Det er ikkje mi erfaring. Men vanskar med nedtrapping er vanleg ved bruk av alle typar psykofarmakum, også når ein trappar ned frå låg dose, seier Waal.

– Trur ikkje eg er den einaste

Maaløe-Kron har framleis problem med å sove. Men ho har bestemt seg: Ho vil ikkje ta meir antipsykotika.

Ho har eit klart råd til andre som planlegg å gjere det same:

– Hald ut, sjølv om det kan vere ubehageleg. Hugs at nedtrappinga må skje langsamt, og gjerne med ein lege som kan følgje deg opp.

Ho legg til:

– Den manglande informasjonen eg har fått, har vore problematisk. Eg trur ikkje eg er den einaste som opplever det.