NRK Meny
Normal

Linda valte skulen og Høgre

Skulepolitikken blei avgjeranda då Høgres 1. kandidat, Linda Cathrine Hofstad Helleland skulle velje parti.

Linda Cathrine Hofstad Helleland
Foto: privat

– Då eg meldte meg inn var det skulepolitikken til Høgre som var avgjerande fordi ein betre skule er heilt avgjerande for at alle skal kunne ha de beste føresetnadane for eit godt liv, seier Linda Cathrine Hofstad Helleland til NRK Trøndelag.

Ho syns også det var viktig og sikre valfridom for kvar enkelt og at folk skal ha sjansen til å skape sitt eige liv utan for sterk innblanding av staten.

– At Høgre er det einaste partiet som er tydeleg på ja til EU, var også avgjerande for meg då eg valte parti, seier Helleland.

Hjartet i Noreg

Dei neste åra vil ho kjempe for heimregionen, Trøndelag, som ho meiner er Noregs hjarte.

– Vår region har dei beste føresetnadane til å bli den beste plassen og bu og arbeide i. Då må vi rette opp kvileskjeret i høgare utdanning og forsking. Vi treng ei kraftig satsing på veg og vi må gjere det lettare for verksemder gjennom skatte- og avgiftslette, noko som også vil komme hushaldningane til gode, seier Helleland.

Borgarleg samarbeid

Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Eg vil samarbeide med dei partia som gjer det muleg å gjennomføre mest muleg av Høgre sin politikk.

Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Vi treng fleirtal for å gjennomføre ein borgarleg politikk. Då må vi samarbeide med alle dei borgarlege partia, seier Helleland.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Politikk handlar mykje om samarbeid og så lenge vi kan styrke Trøndelag, vil eg samarbeide med kven som helst på Stortinget. Men SV ligg naturlegvis lengst unna min politiske ståstad.

Kjempar for betre vegar

Linda Cathrine Hofstad Helleland meiner Trøndelag i mange år har vore den store taparen når vegmidla har blitt delt. Ho meiner regionen treng nye, gode og trygge vegar raskt.

– Bompengar er for oss ei naudløysing. Vi må vere pragmatiske og vinne fram med våre vegprosjekt i kampen med resten av landet, seier Helleland.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Linda Cathrine Hofstad Helleland

Linda under ein barnehageaksjon.

Foto: privat

Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Vi treng både rovdyr og husdyr som beiter i utmarka. Konfliktene må minimerast ved at det raskt blir avgjort eit uttak av skadedyr og at staten gir full kompensasjon til bønder som mistar dyr til rovdyr eller som får pålegg om beitenekt i utmark.

Open for kommunesamanslåing

Høgre og Linda Cathrine Hofstad Helleland ønskjer at langt fleire oppgåver og avgjerder skal overførast frå stat og fylke til kommunane. Dette vil vere lettare å gjennomføre om kommunane er større enn dagens.

– Færre og større kommunar vil kunne utvikle eit større og betre fagmiljø som igjen kan gi betre service til innbyggjarane, seier Helleland.

Send epost til Linda Helleland
Møt Linda Helleland på Facebook
Besøk Linda Hellelands blogg
Følg Linda Helleland på Twitter

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.