Hopp til innhold

Leverpostein og bacon

Svin på skogen blir til bacon som ikkje sprutar. Det er ein av spesialitetane
på Ytterøya.

Inge Johnsen på Ytterøya.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Dei frittgåande grisane frå Ytterøya blir også til leverpostei og bacon på garden til Karl og Anna Maria Laugsand.

Radiokokk Inge Johnsen skal prøve seg på ein lunch med leverpostei og bacon på grovbrød.

- Baconet vårt er laga på gamlemåten og er ikkje tilsett vatn. Det gjer at det ikkje sprutar når du steiker det i panna, forklarar Anna Maria Laugsand til radiokokken. 

Feittet er spreidd

Vidare legg ho til at kjøtet er marmorert fordi grisana får gå fritt før dei blir slakta.

- Det gjer at feittet spreier seg betre utover kjøtet, seier Laugsand.

Kokken vel difor å steike baconet utan ekstra feitt i panna.

- Baconet skal brunast godt i panna. Eg har kutta store skiver, for det likar dei godt her på Ytterøya, forklarar Johnsen.

Luksuspostei

Anna Maria lagar to typar leverpostei på garden. Desse høyrer med til dagens rett.

- Vi starta med å lage ein vanleg leverpostei, etter ei gamal oppskrift. Denne oppskrifta har vi utvikla vidare, slik at vi i dag også lagar ein kvitløkspostei som vi kallar lukuspostei. Den inneheld også grøn pepar. Lukusposteien er litt sterkare i smak og godt eigna for vidarekomne.

Salat og poteter

Vidare kuttar Inge Johsen opp litt salat og poteter, som skal leggast på smørbrødet.

- No er baconet ferdig bruna. Då legg eg tjukke og gode brødskiver i steikepanna og let dei steike i feittet frå baconet. Det skal gi ei sprø brødskive. Resten av feittet nyttar vi til å steike potetene i, forklarar Johnsen.

Tjukke skiver

Leverposteien må også kuttast i tjukke skiver.

- No legg vi den sprø brødskiva på ein tallerken, danderer med salat, luksusleverpostei og baconet på toppen. Tilslutt toppar vi med masse kverna pepar. Det er også muleg å steike leverpostein litt før du legg den på, seier radiokokken. 

Han får tips frå bonde Anna Maria om at det smakar godt med raudbetar og sylteagurk på smørbrødet også.

Potetene blir servert ved sida av smørbrødet.