Hopp til innhold

Levanger tapte for Kristiansund

1310 tilskodarar på Moan vart vitne til at heimelaget Levanger gjekk på eit 0-2-tap for Kristiansund.

Levanger-Kristiansund

Sjølv om kampen var jamnspelt, endte den med 0-2-tap for Levanger.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Andreas Holmberg

Andreas Holmberg, trenar for Levanger.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Dette var Levangers andre kamp i førstedivisjon.

Kampen som gjekk 2. påskedag endte med 4-0 til Åsane. Levanger har altså enno ikkje klart å score mål i den nest høgaste divisjonen.

– Det var ein jamn kamp, men dei som scorar, fortener å vinne, seier trenaren til Levanger, Andreas Holmberg.

Han meiner laget tok eit stort steg framover, reint prestasjonsmessig.

– Men sjølvsagt er vi skuffa over at vi ikkje får ballen i mål, seier han.

Laget ser no framover mot neste kamp, den er mot Fredrikstad.

– Alle kampane denne sesongen blir tøffe, men vi skal jobbe bra fram mot Fredrikstad-kampen, seier Holmberg.

Han er svært nøgd med publikumstalet, og innsatsen frå klubben som hadde alt klart med tribuner og anlegg til den første 1.divisjonskampen i Nord-Trøndelag på 20 år.

LFK rykka opp hausten 2014.

Trener for Levanger FK Andreas Holmberg.

Andreas Holmberg, trenar for Levanger.

Daglig leder i LFK Hroar Stjernen var fornøyd med oppmøtet på Moan søndags kveld.

Daglig leder i LFK Hroar Stjernen var fornøyd med oppmøtet på Moan Idrettspark.

Levanger FK - Kristiansund BK 0-2.