Lerøy frifunne for bot etter lakselusskader

Lerøy Midt er frifunne for brot på lova etter lakselusskadar i 2016. Selskapet nekta å betale bota, men påtalemakta tapte saka i retten.

Laks som er angrepet av lakselus

FRIFUNNET: Fosen tingrett meiner det er usikkert kvar og når nokre av bileta er tatt.

Foto: Mattilsynet

Inspeksjonane til Mattilsynet i august 2016 avdekka store luseskadar på laksen ved anlegget Fjølværet til Måsøval fiskeoppdrett og Lerøy Midt på Langskjæra utanfor Frøya.

Etter nesten to års etterforsking gav Trøndelag politidistrikt førelegg på fem millionar til Måsøval og fire millionar til Lerøy Midt. Politiet meinte begge selskapa braut både Dyrevelferdslova og Matlova.

Måsøval var ikkje samd med Mattilsynet og politiet i at lova var brote, men godtok bota for å få saka ut av verda.

Lerøy Midt nekta å betale og dermed enda saka i Fosen tingrett.

Ikkje sannsynleggjort at Lerøy forsømte ansvaret

Det ikkje er tilstrekkeleg sannsynleggjort at Lerøy Midt forsømte ansvaret for å hindre meir lus. Det gjeld både tilsette og selskapet, går det fram av domen i Fosen tingrett. Vidare står det:

Retten kan ikke utelukke muligheten for at påslaget av lus som er konstatert fra 11. august 2016 frem til inspeksjonene som ble gjennomført i slutten av august skyldes overføring av bevegelige lus fra andre lokaliteter.

Mattilsynet fann i gjennomsnitt 20 kjønnsmodne lus for kvar fisk. Det tillatne talet er 0,5 lus.

I rettssaka i mai forklarte administrerande direktør Sven Amund Fjeldvær i Lerøy Midt at han var usikker på årsaka til dei store lakselusåtaka. Men at dei gjorde alt for å stoppe dei.

Politiet meinte Lerøy Midt gjorde for lite. Dette avviste Lerøy og viste til rapporten frå Mattilsynet der det står:

«Mattilsynet vurderer at utslaktingen i dette tilfelle gikk så raskt som mulig».

Fosen tingrett gir Lerøy medhald i at det ikkje er bevist at det var så mykje lus før tilsynet 11. august i 2016. Målingar viser at bedrifta heldt seg under grensa fram til tidspunktet.

Retten kan imidlertid ikke se at det på noe vis er ført bevis for at slike konsentrasjoner har forekommet før 11. august 2016. De målinger som er registrert viser at bedriften har holdt seg under denne grensen frem til dette tidspunktet.

Usikkert kor mange laks som vart skadd

Fosen tingrett meiner det er «betydeleg» tvil om omfanget av lakselusskader. Mattilsynet opererte med at minst 170 tusen fisk hadde opne sår. I domen kjem det fram at rapporten var skriven av folk i Mattilsynet som ikkje var med på inspeksjonen på Langskjæra.

«Retten må anta at dette beror på muntlig formidling av de funn som er gjort. Foruten et fåtall bilder av sterkt skadet fisk er det heller ikke fremlagt dokumentasjon som viser omfanget, noe som i en besetning på halvannen million individer må være av betydning», heiter det i domen.

Slaktinga av laksen var for lengst over då politiet kom inn i biletet og skulle etterforske. Derfor vart det vanskeleg å fastslå kor omfattande luseskadene var.

Retten meiner også nokre av bileta som viser luseskadd laks manglar dokumentasjon på når og kvar dei er tatt.

Direktør i Mattilsynet i Midt-Noreg, Bjørn Røthe Knutsen, har enno ikkje fått lese domen som kom i dag. Han vil derfor ikkje kommentere merknadene frå retten om korleis tilsyn og dokumentasjon fungerte i denne saka.

Får dekt sakskostnader på 1,9 millionar

Sidan saka hamna i retten auka bota til 4,8 millionar kroner. Men ein samrøystes rett frifann altså Lerøy Midt på alle punkt. Selskapet får også erstatta sakskostnader på drøye 1,9 millionar kroner.

Det er første gong eit oppdrettsselskap har tatt ei sak til retten etter å ha fått bot for lakselusskadar.

I ei pressemelding skriv Lerøy Seafood Group at domen er som forventa. Dette er ei oppreisning for den «heksejakt» som tilsette har måtte gå gjennom. Lerøy Seafood forventar at domen ikkje blir anka, går det fram av pressemeldinga.

Aktor, politiadvokat Alf Rune Nilsen, seier til NRK at han ikkje vil kommentere domen fordi han ikkje har lese den enno.