Hopp til innhold

Leiteaksjon etter dame i 60-åra på Høylandet

Eit Seaking-helikopter, redningshundar, sivilforsvar og Raude Kross er sett inn i leitinga etter ei kvinne i 60-åra som har gått seg vill i området ved Øyvatnet på Høylandet i Nord-Trøndelag.

Leteaksjon Overhalla

Både Røde Kors, sivilforsvaret og helikopter er sett inn i leitinga etter sakna kvinne ved Øyvatnet i Overhalla i Nord-Trøndelag.

Foto: Tor Ivar Viken

Kvinna tok kontakt på mobil med AMK-sentralen i 16.30-tida, etter at ho hadde gått seg vill i området. Ho har vore på ei hytte i fjellområdet i lag med mannen, og var på ein tur åleine i dag.

– Ho har vore på tur sida klokka halv ti i dag tidleg. Sjølv om vêret ikkje er det verste nett no må vi stå på for å finne ho så fort som mogleg. Det er alltid målet, seier operasjonsleiar Jan Tore Tiltnes ved politiet i Nord-Trøndelag tysdag kveld.

Kontakt på mobil kl. 18.45

Politiet prøvde ved hjelp av diverse App-ar tidlegare i ettermiddag å finne fram til kvar kvinna er, men fann til slutt ut at det var klokast å setje inn Seaking redningshelikopter når dette vart ledig.

– Ho har gått i heile dag og er sliten. Men ho er likevel ved godt mot og har bra med kle med seg. Det er elles bra vêr i området, sa Tiltnes tysdag ettermiddag.

Siste kontakt med kvinna var klokka 18.45.

– Då sende Seakingen tekstmelding til henne og fekk svar, seier Tiltnes.

Denne telefonen er truleg utan straum no.

Bakkemannskap i beredskap

Tysdag kveld er det kalla ut både hundar frå Norske Redningshundar og politiet, i tillegg til at både Sivilforsvaret og Raude Kross stiller med rundt tjuge personar kvar.

– I første omgang har vi sendt personell frå sivilforsvaret si avdeling i Grong. 19 personar kjem til å gå inn i søkeområdet og hjelpe politiet, seier Geir Gansmo som er beredskapsvakt ved Nord Trøndelag Sivilforsvarsdistrikt.

– Helikopteret er i området no. Og vi har i tillegg bakkemannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret, seier operasjonsleiar Jan Tore Tiltnes.

Søk frå bakken

Klokka ti over åtte i kveld melde politiet at Seaking har floge over området utan å ha gjort funn. Helikopter flyg også ut mannskap i terrenget, for å søkje frå bakken.

Øyvatnet