Hopp til innhold

Legg kinesisk stein i skiferbygda

Skysstasjonen på Oppdal blir renovert, og det gamle skifertaket blir skifta ut med skifer frå Kina – noko som er provoserande i bygda som er kjent for skiferen sin.

Oppdal stasjon

Oppdal stasjon blir renovert, og den nye taksteinen er skifer frå Kina. Det har fått mange til å reagere.

Foto: Marianne Stormyr Sæther/Oppdal turistkontor

Oppdal stasjon

Oppdal stasjon har tidlegare hatt lokal skifer på taket. Den var henta på Dovre, i eit skiferbrot som no er lagt ned.

Foto: Oppdal turistkontor

– Det finst ikkje oppdalskifer som kan leggast på tak, seier Rom Eiendom, som forvaltar og pussar opp stasjonsbygningen på jernbanestasjonen i Oppdal.

– Det er feil. Oppdal har drive taksteinsproduksjon i mange år, seier Minera skifer.

– Oppdalskifer eignar seg ikkje på tak

Tore Arntzen er regiondirektør i Rom Eiendom, og har fått mykje kritikk sidan saka først dukka i lokalavisa Opdalingen.

– Det var fleire grunnar til at vi valde skifer frå Kina. Vi ville ha tak av same kvalitet som det gamle lokale steintaket som låg på. Det skulle sjå likt ut, og ha ein pris som var fornuftig for oss og innanfor budsjettrammene våre, seier han.

– Vi henta inn anbod, og fann ut at oppdalskifer ikkje eignar seg til å legge på tak. Informasjonen vi har seier at det ikkje blir produsert skifer i Oppdal som kan leggast på tak.

– Oppdalskifer kan brukast til alt, også tak

Arnstein Sæteren, dagleg leiar i Minera skifer, ei av skiferbedriftene i Oppdal, syns det er interessant.

– Eg går ut frå at det er ei misforståing og mangel på kunnskap. Oppdal har drive taksteinsproduksjon i mange år. Mellom anna har 600.000 kvadratmeter takskifer herfrå blitt levert til Nord-Italia. Der er det strenge krav til kvalitet, og klimaet er minst like tøft som på Oppdal og i Noreg, seier han.

– Oppdalskiferen er kjent for at han kan brukast på alt, også tak, seier han.

Til dømes er Skifer Hotell i Oppdal, berre eit steinkast unna stasjonen, bygd i oppdalskifer.

– I all hovudsak blir skifer frå Oppdal brukt til utvendige formål, seier Sæteren.

– Trekker for mykje vatn

Tore Arntzen i Rom Eiendom seier at han forstår at valget kan verke merkeleg.

– Men ut frå dei opplysningane vi sit med frå partar som er autoritetar på området, er det sagt at skiferen frå Oppdal trekker for mykje vatn, slik at han ikkje eignar seg ved frost og store temperaturforskjellar, seier han.

Arnstein Sæteren vil ikkje vere med på at oppdalskifer ikkje toler frost.

– Vi har testrapportar som viser kva han toler, og skiferen ligg godt innafor krava for kor mykje vatn han kan ta til seg, seier han.

Han innrømmer likevel at oppdalskifer ikkje blir brukt så mykje til tak som skifer frå Alta og Otta.

Har brukt kinaskifer på åtte stasjonsbygningar

Arntzen trur det handlar meir om Rom Eiendom skal bruke kortreiste eller langreiste byggevarer, og at dette er ei naturleg sak å bruke for å belyse temaet.

Sæteren frå Minera skifer seier at oppdalsbedriftene reagerer på at Rom Eiendom har brukt kinaskifer på åtte andre stasjonsbygningar.

– Vi trur det er ein samanheng her. Vi syns det er stussleg at Rom Eiendom seier at dei skal ta vare på kulturarven, og samtidig hentar skifer frå andre sida av jorda, seier Sæteren.

Brukar 120 mill. i året på vedlikehald

Arntzen i Rom Eiendom seier at dei vurderer kva for stein dei skal bruke i kvart enkelt høve.

– Vi har 1000 bygningar som vi eig og forvaltar, deriblant nesten alle stasjonane i landet. Vi bruker om lag 120 millionar kroner på vedlikehald kvart år. Det seier seg sjølv at det blir veldig mange prosjekt, og alle er stort sett forskjellige. Nokre gonger blir det dilemma, slik som i dette høvet. Mange av bygningane er verneverdige. På Hjerkinn valde vi å bruke norsk skifer, og da valde vi altaskifer, sier Arntzen.

Han peikar på at Rom Eiendom tek vare på kulturarven ved å renovere Oppdal stasjon slik at fremtidige generasjoner vil få oppleve bygget slik det vart bygd i 1921.

– Rom Eiendom har gjennomarbeidde planar for å ta vare på kulturarven vi er sett til å forvalte, seier regiondirektør Tore Arntzen.