Sjukehus og legevakt sikta for grov uforstand etter at 15-åring døydde

E-posten frå røntgenlegen om at den 14 år gamle pasienten burde undersøkast nøyare, vart aldri lese av Legevakta på Levanger. Halvtanna år etter døydde guten av hjartesvikt.

Sykehuset Levanger

Røntgensvaret frå Sjukehuset Levanger ble aldri lest på legevakta.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

No er både Innherred kommunale legevakt og Sjukehuset Levanger sikta for uforsvarleg helsehjelp og grov uforstand i tenesta.

Fylkeslegen i Trøndelag slo i fjor fast at verken Legevakta og Sjukehuset Levanger gav forsvarleg helsehjelp då ein 14 år gamal gut oppsøkte Legevakta på grunn av smerter i brystet. Han vart med ein gong sendt vidare til sjukehuset for røntgen.

Røntgenbiletet viste eit forstørra hjarte og sjukehuslegen tilrådde vidare undersøking. Men brevet frå røntgenlegen vart liggande i den elektroniske postkassa hos Legevakta i tre månader. Så vart det signert som «lest», utan at nokon hadde lese det. I desember året etter døydde guten mens han dreiv idrett.

– Mange tusen uleste røntgensvar

Tilsynet til fylkeslegen avdekte at hundrevis, kanskje tusenvis av uopna prøvesvar i innboksen ved Legevakta vart sletta fordi IT-tenesta meinte dei «tok opp mykje plass».

Politiadvokat Åsta Elden i fengslingsmøte etter knivstikking i Skogn

Politiadvokat Åsta Elden meiner det er viktig å etterforske kva som svikta ved Sjukehuset Levanger og legevakta. Arkivfoto.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Det er dei etterlatne som har meldt sjukehuset og legevakta til politiet, opplyser politiadvokat Åsta Elden i Trøndelag politidistrikt til NRK. For å hindre at saka vart forelda, er det no tatt ut sikting.

Legevakta og sjukehuset i Helse Nord-Trøndelag er mellom anna sikta etter paragraf 67 i Helsepersonellova om uforsvarleg helsehjelp.

– Etterforskinga skal konsentrere seg om svært mangelfulle system og dermed dårleg kommunikasjon mellom legevakt og sjukehus, seier Elden.

Politiet har enno ikkje starta avhøyr av helsepersonell og leiing ved sjukehuset.

Hvis saka endar med tiltale og dom, kan det bety bot i form av føretaksstraff til legevakta og sjukehuset.

– Siktinga viser kor alvorleg saka er for dei pårørande og det er viktig at vi tek dette på alvor. Det seier medisinsk fagsjef i Helse Nord-Trøndelag, Paul Georg Skogen til NRK.

Manglande samarbeid i helsetenesta kan ha store følgjer. Derfor må rutinene for oppfølgjing av prøvesvar vere på plass, understrekar Skogen.

– Må ha eit robust system

Guten oppsøkte legevakta på ein laurdag, sidan fastlegen hans ikkje var på jobb. Dermed vart det Legevakta og sjukehuset som i første omgang fekk ansvaret for kommunikasjonen og kva som skulle gjerast.

Marit Dypdal Kverkild, fagdirektør Nord-Trøndelag

– Sjukehus og legevakt må ha eit robust system for å handtere prøvesvar utanom kontortida til fastlegane, seier fagdirektør Marit Dybdal Kverkild hos Fylkesmannen.

Foto: Rita Kleven/NRK

– Vi må ha eit robust system også utanfor opningstida til fastlegane, slik at dei som oppsøkjer legevakt eller sjukehus er sikre på at informasjonen går vidare. Det seier fagdirektør i helseavdelinga hos Fylkesmannen, Marit Dypdal Kverkild.

Svar frå prøver tatt på sjukehus, skal sendast til fastlegen, om vedkomande har det, fastslår Kverkild. Etter tilsynsrapporten for eitt år sidan har sjukehuset og legevakta på Innherred gått gjennom og skjerpa rutinane for behandling av prøvesvar, opplyser Kverkild.

Fylkesmannen har så langt ikkje oppdaga fleire saker der pasientar på Levanger ikkje har fått behandling på grunn av denne kommunikasjonssvikten.