Hopp til innhold

Eks-politimeister om kjendisadvokat: – Wiig er aldri aggressiv når han drikk

Kva toler advokat Christian Wiig av alkohol, og korleis oppfører han seg når han har drukke? Det var spørsmålet i Sør-Trøndelag tingrett tysdag. Den kjende forsvarsadvokaten spurde ut fleire av venene sine for å bevise at framferda hans på St. Olavs Hospital ikkje kom av fyll, men hadde medisinske årsaker.

Christian Wiig

Tidlegare politimeister i Vadsø og i Romsdal, Per Bygland vitna for venen og hyttenaboen sin Christian Wiig (bak) om bruken hans av alkohol og korleis han oppfører seg då.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Men før retten fekk høyre om korleis Wiig er når han har drukke ei flaske kvitvin, eit glas raudvin og eit glas champagne, var det psykiater Michael Setsaas som vitna.

Psykiater meiner Wiig burde ha vore undersøkt før rettssaka

Det var Christian Wiig som hadde innkalla legen og spesialisten i psykiatri for å belyse korleis hjerneristing generelt kan påverke tilstanden til ein person.

Christian Wiig på tiltalebenken

Christian Wiig i retten måndag. Han er sin eigen forsvarer, og fortalde om det som skjedde laurdag 24. september.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Sjukehuset slo ikkje fast at Wiig hadde fått ei hjerneristing. Men han, fastlegen og Setsaas meiner det er svært sannsynleg etter eit hardt møte med asfalten med andletet først. Wiig meiner det var hjerneristinga som gjorde at han slo seg vrang på akutten ved St. Olavs Hospital i september i fjor, ikkje at han var full.

Setsaas sa at slik han har fått skildra den atypiske framferda til Wiig på sjukehuset, så burde han vorte undersøkt for å finne ut om advokaten hadde nedsett medvit då han vart plassert på glattcella. Ein slik prejudisiell observasjon, eventuelt ei primærpsykiatrisk undersøking, kunne ha opplyst saka betre, meinte Setsaas.

Michael Setsaas

Psykiater, Michael Setsaas.

Foto: NRK

Han viste til eiga røynsle. Ofte blir han tilkalla til arresten når innsette oppfører seg på ein uvanleg måte. Wiig har fortalt at han banka på glattcelledøra i to timar i fortviling over ikkje å ha fått ringe til nokon. Han var også redd for at han kunne få eit epileptisk anfall.

Av journalen frå legevakta den aktuelle septemberkvelden går det fram at Wiig var "vanskeleg kontaktbar". Dette kan vere teikn på hjerneristing, sa Setsaas. Han viste også til at det å utagere slik Wiig gjorde, kan vere eit symptom.

– Har aldri skifta personlegdom under alkoholpåverknad

– Wiig er aldri aggressiv når han drikk, sa tidlegare politimeister i Vadsø og i Romsdal, Per Bygland. Han vitna for Wiig om bruken hans av alkohol og korleis han oppfører seg då.

Ein annan hyttenabo på Oppdal sa i retten at han tok kontakt med Wiig etter å ha lese om saka på NRK før jul.

Venen sa i retten tysdag at han har kjent Wiig både i edru og påverka tilstand gjennom 20 år.

Latteren kan sitte lausare, og det kan kome nokre halvdårlege vitsar på trøndersk. Men Christian skiftar ikkje personlegdom, er aldri aggressiv.
Du er på mange måta eit førebilete når det gjeld korleis ein skal omgåast folk, sa venen vend til Wiig, som forsvarer seg sjølv.

Forsvarer Anniken Mellegaard Douglas

Konstituert lagdomar i Frostating Anniken Mellegaard Douglas.

Foto: Joar Elgåen/NRK

Ei anna som kjenner Wiig godt, er konstituert lagdomar i Frostating, Anniken Mellegaard Douglas. Ho har permisjon frå advokatfirmaet der ho er partnar saman med Wiig og ein til. Mellegaard Douglas sa i retten at ho har gått gjennom alle selskap og markeringar ho har deltatt på saman med Wiig sidan ho byrja i firmaet i 2005.

Femten julebord, ti sommarfestar, avskilsmiddagar, 60-årsfeiring og meir til.
Den mengda alkohol som er beskriven i saka, er klart innanfor og normal for Christian. Men opp gjennom åra har eg aldri opplevd han som aggressiv. Ja, han er verbal og engasjert, men aldri ufin eller utagerande når han har drukke, sa lagdomar Douglas.

Tidlegare politimeister Per Bygland og forsvarsadvokat Steinar Wiik Sørvik hadde same skussmål om Wiig i sine vitneavhøyr. Begge har kjent Wiig i mange år og har vore mykje i lag med han både i edru og ikkje edru tilstand.

Legevaktlege: Wiig var litt "forvirra"

Den eine av dei to ambulansemedarbeidarane som henta Wiig utanfor restauranten like over klokka 22 den 23.september vitna i retten om ein pasient som verka fjern, var uvilleg til å la seg undersøkje ,som ville heim, ikkje på sjukehuset.

Legevaktlegen sa i retten at Wiig verka «forvirra» då legen kom til ulukkesstaden i Munkegata.
- Verka eg berusa, spør Wiig.
- I nokon grad, men det var ikkje mogeleg å fastslå om det skuldast alkohol eller ein hovudskade, svarer legen. Derfor bestemte han at det skulle takast ei CT-undersøking av Wiig på sjukehuset.

- Du seier eg var «noko forvirra». Sa eg noko som hang på greip i det heile tatt ?spør Wiig.
- Ja, etterkvart, du var litt amper først , men synes vi fekk ein grei tone, svarer legevaktlegen, som ikkje var med inn på akuttmottaket der episoden som er omtala i førelegget skjedde.

Spurte ut si eiga kone i retten

På tampen av rettsdagen bestemte Wiig seg for å kalle inn si eiga kone som vitne. På ein halv times varsel stilte ho via telefon. Kona fortalde at dei to forlet restauranten like før klokka 22 då ho merka at mannen «slokna på ein måte» som ho uttrykte det.

På vegen ut sa Wiig at han hadde problem med å gå. Like etter mista han balansen på fortauet og «tryna forover» og i asfalten.

Ho prøvde å vekke han mens han låg på fortauet, men sa det verka som om mannen hadde svima av.

- Har eg nokon gong vore fysisk aggressiv mot deg eller nokon annan, spurte Wiig kona si.

- Nei, aldri, svarte ho.

Ein av ambulansearbeidarane fortalde i retten tysdag at han ville vete om uviljen til Wiig om å få helsehjelp skuldast alkohol eller noko anna.

Då han spurte kona til tiltalte, svarte ho at det var fordi han hadde drukke.

Men verken aktor Klundseter eller tiltalte/forsvarer Wiig konfronterte henne med den utsegna då ho vitna tysdag ettermiddag.


«Fann på» blodtrykksfall, meiner aktor.

I prosedyren sa aktor, statsadvokat Thorbjørn Klundseter, at det er ingen bevis på at Wiig måtte vere igjen på sjukehuset av medisinske årsaker. Det vart tatt ein CT for å sjekke hovudskade.

Sidan Wiig ikkje har fritatt helsepersoneller for teieplikta, er det ukjent kva som eventuelt feilte han. Men det vart ikkje gitt nokon beskjed frå sjukehuset til politiet om at Wiig måtte passast spesielt på i arresten av medisinske grunnar.

Klundseter meiner Wiig verken hadde sterkt nedsett medvet eller var i ein forvirringstilstand og viste til at tiltalte har drukke ei ikkje ubetydeleg mengde alkohol.
Wiig «fann på» det med blodtrykksfall etter at han møtte statsadvokaten i Nordland dagen etter, sa aktor.

- Det er viktig å reagere på utagerande adferd på eit akuttmottak.
Aktor la derfor ned påstand om at Wiig må betale ei bot på 9600 kroner forutan sakskostnader på 12 tusen kroner.

Tiltalte, og sin eigen forsvarer, Christian Wiig står fast ved at han ramla på grunn av blodtrykksfall og fekk hjerneristing. Det igjen førte til at han vart omtåka og forvirra. Hvis det ikkje kan utelukkast at dette skjedde, meiner Wiig han skal frifinnast.
Han reagerte i prosedyren sin på at aktor ikkje nemde at Wiig tek medisin for diabetes 2 .

Forsvarsadvokaten opplyste også i retten tysdag at han ikkje veit om det vart tatt blodprøve av han på sjukehuset, og derfor heller ikkje kva den eventuelt viste.

- Men HVIS ei blodprøve eksisterer, og den viser at eg hadde ei promille på 1,5 - då var eg jo full, sa Wiig.
Men ei blodprøve er ikkje eit av bevisa som tingrettsdomar Kristin Rognan skal ta stilling til. Dom fell 6.mars.