Hopp til innhold

Lagar Hamsun i bronse

Bilethoggar Skule Waksvik frå Trondheim er i ferd med å fullføre ei statue av Knut Hamsun i bronse.

Knut Hamsun feires i år 2009
Foto: NTB arkivfoto / Scanpix

Det er femten år sidan bilethoggaren starta med Knut Hamsun prosjektet sitt. No går det mot slutten.

- Eg har brukt tre-fire månader til no, men eg har også arbeidd med Hamsun tidlegare. Eg begynte for omlag femten år sidan og det resulterte i to gipsutkast, men ingen av dei blei fullført, seier Skule Waksvik til Aftenposten.

Arrogant og aristokratisk

I Skule Waksvik sitt atelier i Oslo står Knut Hamsun statua i gips nesten ferdig. Den er litt over storleiken på eit menneske, men ingen får fotografere den.

Skule Waksvik

Skule Waksvik i atelieret sitt i Oslo.

Foto: Erlend Moe / NRK

- Gruppa med privatpersonar som finansierer den, vil ikkje at utforminga skal bli kjent før bronseskulpturen skal avdukast 2. august, seier Waksvik til avisa.

Skule Waksvik framstiller Knut Hamsun som ein arrogant og aristokratisk person. I alder er han mellom 60 og 70 år gamal.

- Han knikser med nakken, som om han seier: Eg står ved det eg har gjort og angrar ikkje, seier Waksvik.

Debatt kring Hamsun

Det har vore mykje debatt kring Knut Hamsun i samband med at det er 150 år sidan han blei født. Bilethoggar Skule Waksvik er fascinert av forfattaren på fleire måtar.

- Eg skjønner at mange har vanskeleg for å svelge hans politiske haldningar. Men han er verd ei statue, vi skuldar han det, og då får vi heller bere over med hans politiske dårskap. Sjølv er eg betatt av litteraturen hans og trollbunden av språket, seier Waksvik.

Knut Hamsun i sin dikterstue på Nørholm i 1929

Knut Hamsun i diktarstova si på Nørholm i 1929.

Foto: Eier: Nasjonalbiblioteket