NRK Meny
Normal

Låg tre veker i koma med svineinfluensa

No treng 22-åringen frå Nord-Trøndelag ny nyre.

Video nsps_upload_2009_9_3_16_27_58_631.jpg

- Eg veit ikkje kva som hendte. Men det gjekk veldig raskt. Eg hovna opp og fekk ikkje puste, seier Mona Nymoen.

Dramatisk

Mona frå Inderøy kjempa for livet i tre veker medan ho var i koma grunna svineinfluensaen. No treng ho ei ny nyre som følgje av sjukeleiet, og ventar på ein transplantasjon. Begge foreldra har sagt seg villige til å stille opp, men det gjenstår framleis prøver for å finne ut om det er mogleg.

Ingen veit korleis Mona vart smitta, eller kvifor ho vart dødssjuk. Men ho er diabetikar og er difor i ei av risikogruppene.

- Eg hugsar berre at eg reiste til legevakta. Så vakna eg tre veker seinare på St. Olavs, seier ho.

Etter sjukehusopphaldet er kroppen svært svekka. Ho må til dialyse tre gongar i veka, og tåler framleis lite mat.

- Eg føler eg har vore ein heilt annan person, men eg er glad eg er tilbake.

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal