Hopp til innhold

Kvinne falt ut av bil i fart

Ei kvinne var i sjokk etter å ha falt eller blitt kasta ut av ein bil i fart i Brøsetvegen i Trondheim. Politiet er usikre på kva som har skjedd.

Ulykke Brøset

Ulykka skjedde i Brøsetvegen i Trondheim fredag ettermiddag.

Foto: Morten Andersen / NRK Trøndelag

– Klokka 1740 fekk vi melding via AMK om at ei kvinne skal ha blitt kasta ut frå ein bil i fart i Brøsetvegen. Vi sendte fleire einingar dit, og fann ei kvinne som var i sjokk, seier operasjonsleiar hos politiet i Sør-Trøndelag, Leif Berglund.

Politiet har vore på staden og snakka med kvinna, dei har og vore der bilføraren bur. Bilføraren har meldt seg for krimvakta og blir avhøyrt i løpet av kvelden.

– No jobbar vi med å finne ut kva dette er og kva som har skjedd. Vi veit ikkje om kvinna vart kasta ut av bilen, eller om ho hoppa ut, seier Berglund.

– Meldinga vi fekk frå vitnet som ringte inn, var dramatisk og alvorleg, seier han.