NRK Meny
Normal

Kvinne alvorleg skadd

Ei kvinne er alvorleg skadd og to barn er lettare skadd etter ein kollisjon på E6 i Oppdal.

 - Personbilen dei tre sat i kolliderte med eit vogntog ved avkøyringa til Stølen og Hovden, like nord for Oppdal, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Tor Mauseth, til NRK Trøndelag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 1136. Både ambulanse, politi og tauebil var på ulykkesstaden. Dei tre skadde er alle sendt til sjukehus.

- Føraren av vogntoget er ikkje skadd, seier Mauseth.

Også på riksveg 763 ved Ulvikkorsen på Frosta skjedde det ei trafikkulykke tirsdag føremiddag. Der blei ei kvinne lettare skadd då ho køyrde inn i ein søppelbil.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25