Hopp til innhold

Kven har skulda for Flatanger-brannen?

Politiet har framleis ikkje funne ut om nokon kan reknast som straffeansvarlege etter Flatanger-brannen for over eit år sidan.

Uran, Flatanger

Det var her brannen starta. Spørsmålet er om nokon kan ha skulda for det.

Foto: NRK

Theo Dretvik

Politiadvokat Theo Dretvik seier at saka ikkje er ferdig etterforska.

Foto: Frank Almås / NRK

– Vi etterforskar framleis. Vi har òg bedt om bistand frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB), og dei har gått gjennom dokumenta og sett på inndregne gjenstandar, seier Theo Dretvik, politiadvokat hos politiet i Nord-Trøndelag.

Uklart korfor kraftlinja falt ned

Allereie rett etter brannen vart det slått fast at brannen starta med gneistregn etter at ein lågspentkabel falt ned.

Men det er framleis uklart korfor linja falt ned. Var det på grunn av feil eller manglar frå NTE si side, eller var det den sterke vinden som var årsak til brotet på linja?

Kort tid før storbrannen hadde Odd Uran, som bur like ved staden der brannen starta, varsla NTE om at tre av lågspentkablane hadde falt ned, og at dei slang mot andre kablar og laga gneistar. NTE kom og ordna opp, men fjorten dagar seinare, falt kablane ned på nytt. Og så starta brannen.

Skulle vore ferdig for eit halvår sidan

Dei NTE-tilsette som var involvert i vedlikehaldet av kraftlinjene, har blitt avhøyrt av politiet.

Etterforskarane hos politiet i Nord-Trøndelag skal ha møte med etterforskarar frå DSB i løpet av februar. Dei skal vurdere tekniske spor, og finne ut om nokon kan reknast som straffeansvarlege.

Politiadvokat Theo Dretvik erkjenner at etterforskingsarbeidet har tatt lang tid.

– Normalt skulle etterforskinga vore ferdig for eit halvår sidan, men på grunn av sjukdom, både hos oss og DSB, har det tatt så lang tid, seier Dretvik.