Hopp til innhold

Blir det vanskeleg å få seg jobb med denne?

Folk dekorerar kroppen sin med alt frå implantat til tatoverte augebryn. Det blir vanlegare og vanlegare, og tatoveringane blir dristigare og dristigare. Kan dette påverke dine moglegheiter på arbeidsmarknaden?

Tatovering ulv

Martin Christensen valde å tatovere ein sint ulv på handa si, og bryr seg ikkje om kva folk vil synast.

Foto: Helene Solheim / NRK

Martin Christensen (20) har idag tatt turen innom ei tatoveringssjappe for å dekorere kroppen sin med litt blekk. Han skal ha ein sint ulv på venstre handledd.

Martin Christensen

Martin Christensen tatoverte ein sint ulv på handa si.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Eg bryr meg eigentleg ikkje om folk ser den, seier Martin.

Han seier det med sjølvsikkerheit i stemma, samtidig som den skjelv fordi han er nervøs for den kommande smerta. Tatovøren Elton Eure ler litt, og byrjar å finne fram utstyret.

– Er du sikker på du vil ha blå auge på ulven, Martin? Eg trur det vil sjå betre ut utan, seier han.

Nei til ansiktstatovering

Elton Eure

Elton Eure, tatovør og eigar av Flaming Heart Tattoo i Trondheim.

Foto: Helene Solheim / NRK

Cirka 10 prosent av Norges befolkning har dekorert kroppen sin med blekk, men korleis påverka det kvardagen vår? Blir ein mindre attraktiv på arbeidsmarknaden? I følge nettsida tatoveringsguiden er det mindre akseptert å ha synlege tatoveringa dersom du for eksempel skal bli lege, sjukepleiar, jordmor, hudpleiar, psykolog og liknande.

– Det er innafor med tatovering viss du for eksempel er bygg- og anleggsarbeidar, men eg trur det kan vere verre innan helsebransjen.

Eure meina tatovering i høg grad kan påverke jobbmoglegheiter, gjerne fordi dei tilsette skal reflektere bedrifta dei jobbar for.

– Det er nok ikkje alle bedrifter som vil ha ei ansiktstatovering på sin "representant".

Elton Eure, Flaming Heart tattoo

Eure meina tatovering i høg grad kan påverke jobbmoglegheiter, gjerne fordi dei tilsette skal reflektere bedrifta dei jobbar for.

Foto: Helene Solheim / NRK

Ein ny generasjon

Pål Strøm frå bemanningsbyrået Manpower meiner at ein må lære seg å godta tatoveringane med den nye generasjonen som kjem.

– Vi ser berre på kompetansen og skiller ikkje på folk med og utan tatovering, fortel Strøm.

Pål Strøm

Pål Strøm, distriktssjef for Manpower i Trondheim, seier at folk må godta at den nye generasjonen kjem med tatoveringar.

Foto: Helene Solheim / NRK

Han har registrert at fleire og fleire byrja å dekke til hovud og ansikt med tatoveringa, noko han trur enkelte kan ha problem med å godta.

Nei til tatovering

Etter ei lita runde hos den eldre garde i Trondheim, er det tydeleg at dei er ganske semde:

– Eg synast det er pent på ein mann, men ikkje i fjeset. Litt på armen sånn som før når sjømenna hadde tatovering er greit, seier Maj-Britt Loughzal.

Kva meiner den "eldre garde" om tatoveringar?

Sjå her kva dei eldre i Trondheim synast om tatoveringar.

Vanskeleg å få seg jobb?

Etter to timar i stolen er tatoveringa til Martin ferdig, og han vil ha ulven på handa si for resten av livet. Han smiler stort, og viser kjærasten kor kul den vart. Personleg er han ikkje bekymra for framtida:

– Eg skal jobbe som anleggsarbeidar, så det går nok fint med tatovering!

Eure er ikkje bekymra for Martin sin del, men fortel at han har sagt nei til å tatovere folk før:

– Ein gong kom det inn ei søt jente på kanskje 18 år. Ho hadde ingen tatoveringar, og ville ha nokre stjerner rundt auget. Då sa eg nei.