Hopp til innhold

Kusmautbruddet er ikkje over

12 nye tilfelle av kusma er oppdaga i Bergen. Smittevernoverlege trur det kan vere ein samanheng med utbrotet i Trondheim

Kusma

I 2015 var det 1300 som tok MMR-vaksine i Trondheim. I hovudsak var det studentar og familie som hadde vore i nærkontakt med ein som var smitta.

Foto: NRK

Fram mot nyttår 2015 vart det registrert heile 146 positive tilfelle av kusma i Trondheim. Så mange tilfelle har det ikkje vore sidan år 2000. Det har ikkje blitt diagnostisert fleire med kusma i byen på nyåret. Men no har 12 studentar i Bergen blitt smitta, skriv Bergen kommune på sin nettstad.

Eli Sagvik, smittevernoverlege i Trondheim

Smittevernoverlege i Trondheim Kommune, Eli Sagvik

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

I desember skreiv NRK at smittevernoverlegen Eli Sagvik var uroa for at kusmaen skulle spreie seg til fleire kommunar, når studentar for heim på juleferie.

Sagvik fortel no at det kan vere ein samanheng mellom utbrotet i Trondheim og Bergen.

– Eg tenkjer at det er grunn til å tru at det er ein samanheng. Men det kan ein ikkje sei sikkert før det vert bekrefta med prøver.

Framleis smitteførande

Når studentar for heim i desember, var det ein sjanse for at fleire som reiste framleis var smitteførande. Sagvik forklarar at utbrotet no passar overeins med tidsrommet det var smitte hos studentane i Trondheim.

– Det tek rundt tre veker før ein merkar symptom. Om ein person har fått det, og så smitta det vidare, så kan det nok stemme at det er studentar frå Trondheim som har bært med seg smitta.

I 2015 var det 1300 i Trondheim som tok MMR-vaksine. I hovudsak var det studentar og familie som hadde vore i nærkontakt med ein som var smitta. Sagvik oppfordrar framleis dei som ikkje har fått to MMR-vaksinar om å ta det. Det kostar ein hundrelapp, og kan vere førebyggjande.