Hopp til innhold

Her sit under 200 kulturarbeidarar i koronaprotest

Kulturdepartementet svarer at dei vil kome med ei ny vurdering av publikumsreglane denne veka.

Demonstrasjon i Olavshallen.

Demonstrasjon i Olavshallen i Trondheim i dag.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

«Ein, to, tre, fire». Ein trommeslagar slår opp takta, så vert det heilt stille.

Ingen av artistane på scena i Olavshallen i Trondheim seier eller gjer noko. Dei berre står der for å protestere mot regjeringa sine koronareglar.

Torsdag oppjusterte regjeringa avgrensinga på publikumarar frå 50 til 200 stykke på arrangement, men det er ikkje godt nok, meiner fleire i kulturlivet.

Føler seg kvelt

Etter at publikum i Olavshallen har klappa for ingenting, fortel direktøren ved kulturhuset Ann Elisabeth Wedø kvifor det ikkje vart noko musikk i dag.

– Det er fordi kulturlivet blir kvelt.

Kristin Reigstad, som er leiar for Festivalnettverk Trøndelag fortel at mange kulturarbeidarar føler seg tvungne til å finne seg eit anna arbeid. Dei må ha inntekt.

– Restriksjonane er urimelege. Det er ein ekstrem trøyttleik i bransjen, seier ho.

Hege Strand i Trondheim lyd er dagleg leiar i ei bedrift som har stått utan oppdrag fleire månadar fram i tid sidan siste nedstenging i desember.

– Vi mista alle oppdrag i desember, januar og februar på grunn av nedstenginga.

Demonstrasjon i Olavshallen.

STILLE: Demonstrantane på scena hadde med seg instrument, men spelte ikkje på dei.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Lovar avklaring om publikumsreglar denne veka

Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Odin Adelsten Aunan Bohmann (Ap) var til stades under demonstrasjonen utanfor Stortinget i dag.

– Vi forstår svært godt at mange i kulturlivet er lei, forbanna og oppgitt, seier han til NRK.

Bohman fortel at regjeringa snart vil kome med ei ny vurdering på korleis ein kan tilpasse makstalet på publikumarar til forskjellige lokale.

– Vurderingane skal vere klare i løpet av denne veka, seier han.

Sjølv om regjeringa igjen innførte strenge smitteverntiltak i desember, har smittetala auka kraftig.

Publikumsgrensa er og vart innført som et bidrag til å halde mobiliteten i samfunnet nede, fortel Bohman.

– Det handlar om å redusere risiko for at mange blir sjuke samtidig, primært knytt til sjukefråvær for å halde oppe drifta av kritiske samfunnsfunksjonar, seier han.

Statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann under dagens demonstrasjon utanfor Stortinget.

SEIER REGJERINGA FORSTÅR: Statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann under dagens demonstrasjon utanfor Stortinget. Han seier at regjeringa forstå frustrasjonen mange kulturarbeidarar kjenner på no.

Foto: Ingvill Tandstad / Kultur- og likestillingsdepartementet

Misfornøgde med nye reglar

Kulturarbeidarane NRK snakkar med i dag lurer på kvifor maksgrensa for publikum er den same for ein konsert i eit grendehus på bygda og ein konsert i Oslo Spektrum.

Dei lurer og på om det er meir smittsamt å gå på konsert enn å gå på Ikea.

Utanfor Stortinget i Oslo demonstrerte fleire i dag av same årsak som i Trondheim.

Medeigar og kunstnarisk leder i Scenekvelder på Folketeateret. Atle Halstensen tok initiativ til demonstrasjonane.

– Vi er den einaste bransjen som no er hundre prosent sett ut av spel, seier han.

Halstensen meiner kulturarbeidarane må leve med urettferdig strenge smittevernreglar.

– I praksis har bransjen vår blitt fråteken yrkeslivet og inntektsgrunnlaget vårt. No har vi høyrt om vurderingar og utgreiingar i så lang tid. Vi står i den største krisa sidan starten på pandemien, seier han.

Atle Halstensen

LUT LEI: Medeigar og kunstnarisk leder i Scenekvelder på Folketeateret, Atle Halstensen tok initiativ til demonstrasjonen utanfor Stortinget i dag.

Foto: Aida Khorami / NRK

Ber om konkret vurdering av koronapass

Då regjeringa i førre veke opna for 200 publikummarar til stades på arrangement i staden for 50 var det som eit resultat av at dei no veit meir om den nye varianten av korona, fortel statssekretæren i Kulturdepartementet.

– Vi visste ikkje så mykje om omikron då vi måtte stenge ned i desember, men no veit vi meir. Det gjer at vi kan opne opp litt, seier han.

Nye smitteverntiltak i førre veke gjer det mogleg å gjennomføre meir aktivitet og fleire arrangement, både for barn og unge, amatørar og profesjonelle.

– For mange små og mellomstore arrangørar hjelpte det mykje å kunne opne for 200 personar, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå kultursektoren om dette, seier han.

Kulturdepartementet har bede helsestyresmaktene om å vurdere om ein kan byrje å bruke koronasertifikat for å lette på reglane.

Siste fra Trøndelag

Grete Thobroe, Midtnytt

Kveldens Midtnytt er ved Grete Thobroe

Kveldens Midtnytt er ved Grete Thobroe