NRK Meny
Normal

– Langt mellom liv og lære i Statoil

Fleire reagerer på Statoils sentralisering av bensintransporten.

tankbil

Selskapa som i dag forsyner stasjonane i Nord-Noreg, Midt-Noreg og på store delar av Vestlandet får ikkje lenger transportere drivstoff for Statoil.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Det kan sjå ut til at nokon i Statoil kan ha godt av å lese sine eigne interne reglar. Her er jo det som blir gjort fullstendig på tvers av det som som blir sagt.

Det seier ordførar Torbjørn Rødstøl (Sp) i Rauma kommune i Møre og Romsdal om Statoils sterke sentralisering av bensintransporten.

Eitt av dei fem selskapa som i dag transporterer bensin og diesel for Statoil – Heggem A/S – held til i kommunen hans, og har Statoils transport til bensinstasjonane i Møre og Romsdal og Nordfjord.

Dei har hatt transporten i over 40 år. Men frå juli neste år er det slutt – ein landsdekkande transportør får alt.

Også Børstad Transport i Stjørdal og to andre transportørar misser kontraktene hos Statoil.

Forundra og forskrekka

– Eg vart forskrekka då eg høyrde at den lokale transportøren misser transporten, og er eg svært forundra over den strategien Statoil no legg seg på, seier Torbjørn Rødstøl i Rauma.

Ordfører i Rauma, Torbjørn Rødstøl (Sp)

Ordfører i Rauma, Torbjørn Rødstøl (Sp).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg veit jo at Heggem A/S har gjort ein glimrande jobb og har lagt heile si sjel i å gjere eit godt arbeid. Eg er spent på korleis det skal gå med ein sentral transportør, utan lokalkunnskap og med vanskeleg topografi her.

Ordførar Rødstøl meiner det som no skjer er på tvers av Statoilkonsernet sin eigen utalte strategi.

I «Statoilboken» er levereglane for konsernet lista opp.

Under «Samfunnsansvar og våre prinsipper» er eitt av punkta: «Vi rekrutterer og utvikler lokal arbeidskraft og fremmer lokale leveranser».

Under «Etikk og Verdier» heiter det: «Vi er forpliktet til verdiene våre både i ord og i handling».

– Bør lesa internreglane

– Eg vil jo oppfordra Statoil-leinga til å ta reglane opp av skuffen og lesa dei ein gong til. For det som no skjer er jo på ingen måte i tråd med dei intensjonane og visjonane dei sjølve har lagt, seier ordførar Torbjørn Rødstøl i Rauma.

– Det er ofte omdømmevurdering av selskap. Eg må seie at mi eiga vurdering av Statoil har falle sterkt i det siste, seier Rødstøl.

Han legg til at han hadde venta noko anna av eit konsern der Staten sjølv er majoritetseigar.

– Ja, her må vi seie det er samsvar mellom liv og lære, kommenterer Lars Johnsen ironisk. Han er 1. nestleiar i Norsk Transportarbeiderforbund.

Han ser at halvstore transportselskap rundt i distrikta blir sjanselause med den satsinga på sentralisering og stordrift som Statoil no går inn på.

– Dette er jo ein del av det eg kallar anbudshysteriet, som vi også ser innanfor busstrafikken. Ein rein monopolsituasjonen blir fort situasjonen på enkelte sektorar, seier Johnsen.

– Det er jo beklageleg at Staten gjennom Statoil til dei grader tenkjer profitt og ikkje samfunnsutvikling. Det statlege eigarskapet burde medføre at ein tenkjer busetting og næringsutvikling i heile landet, seier Lars Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund.

Gjennom LO har dei tidlegare også protestert mot at Statoil flyttar køyrekontoret sitt for bensintransporten ut frå landet – til Lativa.

Før avgjerda om det vart tatt i vår vart det også blant anna vist til Statoils uttalte policyreglar.

– Vi følgjer internreglane

– Statoilkonsernet kjøper for milliardar av kroner i Noreg kvart år. Og vi i Statoil Fuel & Retail skal også fremje lokale leveransar, seier pressetalsmann Knut Hansen i Statoil Norge.

Statoil Fuel & Retail er Statoils bensinstasjonselskap som nyleg vart børsnotert og er eigd med 54 prosent av Statoil ASA.

Hansen seier at omlegginga som no skjer er vurdert opp imot og funne i tråd med dei interne policyreglane om samfunnsansvar.

– Gran Taralrud som no skal håndtere all transporten av bensin og diesel er også ei lokal bedrift, rett nok med utspring på Østre Toten i Oppland.

– Men når dei i tillegg til Noreg også får all transport i Latvia, Litauen og Estland, pluss delar av Sverige, tar dei vel spranget frå å vere lokal til internasjonal?

– Uansett har dei eit veldig lokalt utspring på Østre Toten. Og denne gongen har vi valt dei, kva som skjer om fem år veit vi ikkje, seier Hansen.

– Og eg vil leggje til at transportørane våre både i Midt-Noreg, Nord-Noreg og Møre og Romsdal framleis får transport av parafin og fyringsolje for Statoil, seier pressetalsmann Knut Hansen.

Video fra Trøndelag

Den aller første av mange svært store transporter i forbindelse med vindkraftutbygginga på Fosen skjer i dag.
Blå himmel og fine forhold- vinterferien er i gang i Trøndelag.
På samenes festdag må den fineste stasen på. Ella (6) og lillebror Jovna gjør seg klar for feiring.