Hopp til innhold

Kollega køyrde av E6: Kristina dirigerte trafikken aleine i fire timar

I over fire timar dirigerte yrkessjåfør Kristina Elisabeth Nødseth Kristoffersen trafikken på E6 i Grong. Ho reagerer veldig på at ho ikkje fekk hjelp etter at ein kollega køyrde av vegen.

Sjåfør Kristina Elisabeth Nødseth Kristoffersen

Yrkessjåfør Kristina Elisabeth Nødseth Kristoffersen måtte dirigere trafikken på E6 i fire timar etter ei ulykke laurdag formiddag.

Foto: Privat

Laurdag føremiddag var Kristina Elisabeth Nødseth Kristoffersen og ein kollega på veg sørover frå Mo i Rana langs E6. Det var fint vinterføre stort sett heile vegen fram til Seterhaugen i Grong.

– Vi testa bremsane fleire gongar, og føret var fint. Men plutseleg vart det veldig glatt i ein sving, og kollegaen min saksa og køyrde ut, fortel Kristoffersen.

Kollegaen fekk lettare skadar og køyretøyet sperra delar av vegen.

Kristina sklei og fall då ho steig ut av sin eigen bil for å hjelpe kollegaen, og ringde Vegtrafikksentralen for å be om hjelp.

– Det var ikkje eit sandkorn å sjå på E6, og eg bad Vegtrafikksentralen stengje vegen på grunn av ulykka. Eg var redd nokon skulle køyre inn i bilen til kollegaen min, seier ho.

Ulykke på E6 i Grong

Etter tre timar kom ein bergingsbil som fekk dratt køyretøyet opp på E6 igjen.

Foto: Kjetil Langeng

Hjelpa kom først etter tre timar

Ifølgje Kristoffersen sa operatøren på Vegtrafikksentralen at dei skulle kalle ut både strøbil, politi, ambulanse og trafikkdirigentar for å hjelpe til på staden.

Dette er ein uoversiktleg, skarp sving mellom Trones og Harran. Eg meinte han måtte sikrast for å hindre ei ny ulykke. Difor stilte eg meg opp og byrja å dirigere trafikken sjølv. Men eigentleg burde eg jo ha teke meg av kollegaen min etter utforkøyringa, seier Kristoffersen.

Kristoffersen fekk hjelp av ein kvinneleg kollega til å dirigere trafikken nokre timar, før ho køyrde vidare. Men timane gjekk utan at det kom meir profesjonell hjelp.

– Eg ringde fyrste gong klokka 11.06 til Vegtrafikksentralen. Eg ringde også politiet, men verken dei eller ambulansepersonell dukka opp, seier ho.

– Etter tre timar kom det ein bilbergar som fekk dradd opp lastebilen. Då måtte til og med den skadde sjåføren stille seg opp for å dirigere trafikken på E6 i ein halvtime. Då trafikkdirigentane til slutt dukka opp, var vi i ferd med å dra vidare.

– For dårleg

Først etter vel fire timar kunne Kristoffersen og den uheldige kollegaen køyre vidare sørover langs E6.

– Eg har ikkje tatt kurs i trafikkdirigering, men vart ståande aleine i ei arbeidsjakke og ved ein varseltrekant på E6 midt i Noreg i fire timar. Slik skal det ikkje vere.

Kristoffersen seier ho hadde jamleg kontakt med Vegtrafikksentralen i løpet av desse timane.

– Og beskjeden var heile tida at hjelpa var rett rundt hjørnet. Bergingsbilen kom etter tre timar, og trafikkdirigentane kom over fire timar etter at eg ringde fyrste gong. Eg synest det er for dårleg, seier sjåføren.

Stoppa utrykking

Politiet bekreftar at dei fekk melding om hendinga rett før klokka 11 laurdag. Da starta ei patrulje utrykking mot staden. Patruljen var over ei time unna, noko som blei vurdert til å vere lang utrykkingstid.

Operasjonssentralen fekk beskjed om ulykka hadde skjedd fordi det var glatt på staden og at det ikkje var snakk om betydeleg personskade.

I tillegg hadde politiet fått melding om at entreprenøren var på veg.

– Så forventar man då at entreprenør er på staden og at man både får strødd og varetatt den dirigeringa dersom det er nødvendig, seier politiinspektør Svenn Ingar Viken til NRK.

Dermed blei det vurdert som lite forholdsmessig å reise ut. Ei stund etter purra Kristiansen på entreprenøren og det blei klart at hjelpa var to timar unna.

– Om operasjonsleiar hadde oppfatta at det var kontinuerleg behov for dirigering, så burde nok operasjonsleiaren sendt patruljen helt fram for å ta dirigeringa inntil entreprenør var på plass. Dette med atterhald om at politipatruljen har fått eit anna oppdrag, som har blitt prioritert høgare, seier han.

Beklagar situasjonen

Det er uheldig at ein privat trafikant blir ståande å dirigere trafikk i så lang tid, uavhengig av om det er entreprenøren som burde ha vore framme tidlegare, eller om det er politiet som har burde ha køyrt fram og tatt dirigeringa inntil vidare, seier Viken.

– Det må vi beklage på vegner av trafikanten, legg han til.

NRK har vore i kontakt med Vegtrafikksentralen som viser til Statens vegvesen.

– Vi er i dialog med entreprenør for å klarleggje kva som har skjedd, og har etterspurd dokumentasjon. Det skal sjølvsagt ikkje vere slik at ein privatperson skal hamne i ein slik situasjon. Denne saka vil bli følgd opp frå vår side.

Det skriv seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen i ein e-post til NRK.