NRK Meny
Normal

Krev ein stad kor folk kan bade naken

Etter ti år utan fristrand i Trondheim ynskjer Trøndelag naturistforening å markere seg for å få ei strand kor dei kan sole og bade seg – kliss naken.

Thore K. Aalberg i Trøndelag naturistforening

Leiaren i Trøndelag naturistforening etterlyser ei nakenstrand i Trondheim, då dei har mangla dette i ti år.

Foto: Svein Lorentzen / NRK

– Kven som helst skal kunne vere her og bade med og utan kle. Det bør ikkje vere restriksjonar på om ein er tekstil- eller nakenbadar.

Dette seier Thore Aalberg, nestleiar i Trøndelag naturistforening. I år har dei tiårsjubileum for perioden sin utan offentleg fristrand, etter at bystyret i 2007 vedtok å avvikle naturiststranda Djupvika Øst. Næraste nakenstrand er no i Steinkjer. Aalberg er frustrert over situasjonen.

– Det er ikkje godt nok. Trondheim kommune har eit vedtak som seier at dei skal tilby folk ei fristrand, og det vedtaket er ikkje endra så vidt eg veit.

Kysk middelalderby

For augneblinken brukar naturistane ei lita, uregulert strand aust for Djupvika Øst. Sida stranda er uregulert har dei lov å sole seg, og bade naken – viss dei kjem først. Dersom det allereie er andre på stranda må dei spør.

– Det skjer at folk går sin veg, men ingen har sagt nei til om vi kan få ligge her nakne, seier Aalberg.

Naturiststrand Trondheim

På denne uregulerte stranda kan Aalberg og dei andre naturistane ligge, men det er avgrensa med plass – i tillegg til at det er ein ugunstig badeplass.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Naturisten fortel at dei kallar Trondheim for ein middelalderby, nettopp på grunn av denne kyskheita dei meiner kommunen utstrålar. Kommunalråden for Høgre i Trondheim, Ingrid Skjøtskift, skjønnar kritikken – og ynskjer ei oppklaring i saka.

– Det er på sin plass med ei fristrand i ein storby som Trondheim, seier Skjøtskift.

Ho synast sjølv at kommunen har brukt for lang tid på å gje naturistane eit skikkeleg tilbod, og forklarar det med at saka muligens ikkje har vore så høgt prioritert. Det vart gjort eit forsøk på å finne ei fristrand i 2009, utan hell.

– Då vart det sagt at vi skulle sjå litt meir regionalt. Vi har ein veldig fin kyst både i og utanfor Trondheim, seier kommunalråden.

Ingrid Skjøtskift

Ingrid Skjøtskift meiner det har gått for treigt med saka til naturistane.

Foto: NRK

Til hausten skal ein ny friluftsplan opp i bystyret i Trondheim, og Skjøtskift trur dette kan vere ein moglegheit til å blåse liv i saka igjen.

Må markere seg

Den vesle stranda naturistane brukar i dag har avgrensa med plass, og det er eit ugunstig område for bading. Ein må også vere gangfør for å komme seg dit, noko fungerande ordførar Hilde Opoku synast er synd med tanke på tilgong for funksjonshemma. Aalberg fortel at på varme sommardagar kan det vere opp mot 20 naturistar på stranda, men då er det heilt fullt. Han mimrar tilbake til ei tid med offentleg fristrand.

– Då kunne det vere 100 stykke som låg på same strand. Det var eldre, yngre, familiar og barnevogner. Alle generasjonane møttest, og det var eit yrande liv av folk, seier han med eit smil.

No planlegg naturistforeningen markeringa av tiårsjubileet.

– Vi er forbanna, så no må markere oss litt. Det hjelper ikkje å berre ligge her og vente, seier Aalberg.

Video fra Trøndelag

Den aller første av mange svært store transporter i forbindelse med vindkraftutbygginga på Fosen skjer i dag.
Blå himmel og fine forhold- vinterferien er i gang i Trøndelag.
På samenes festdag må den fineste stasen på. Ella (6) og lillebror Jovna gjør seg klar for feiring.