Kraftig auke i netthandelen over heile landet

Posten trur at pandemien har endra kjøpsvanane våre.

Logistikksenter Trondheim (LST) Posten og Brings Logistikksenter Trondheim på Torgård

PAKKEVEKST: Alle fylke i Noreg har hatt ein vekst på meir enn 50 prosent. I Trondheim var det 75 prosent auke.

Foto: Marita Solheim / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det har vore ei eventyrleg utvikling. Vi hadde spådd ein vekst, men pandemien har sørga for at auken har vore heilt formidabel, seier regiondirektør for Posten og Bring i Midt-Noreg, Odd Roger Tiller.

I alle landets fylke og kommunar bestiller netthandlarane langt fleire pakkar. I andre kvartal i 2020 var auken på landsbasis over 60 prosent målt mot same periode i fjor.

Alle fylke hadde ein vekst på meir enn 50 prosent i andre kvartal – som omfattar april, mai og juni, viser Posten sine ferske tal.

– Eg likar best å handle på nett. Der er betre utval, og det er lettare å finne det du vil ha, seier Alfred Fiborg.

Kameraten Marius Husby er einig.

– Eg kjøper det meste på nett. Då slepp ein å køyre til butikken, og ein kan bestille rett ifrå stova.

Marius Husby og Alfred Fiborg

MEST NETTHANDEL: Kompisane Marius Husby og Alfred Fiborg handlar ofte på nett.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Pandemien har endra kjøpsvanane våre

Koronapandemien og nye handlevanar har sett fart på utviklinga.

– Det har skjedd store endringar det siste året. Det er ingen tvil om at koronasituasjonen har vore ein utløysande faktor. Vi hadde sett føre oss ein jamn auke, men no er vi på eit nivå som vi trudde vi skulle vere på om to til tre år, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten.

I Trøndelag er det levert 67 prosent fleire pakkar i andre kvartal, samanlikna med same tid i fjor. Malvik tronar på toppen i Trøndelag med ei volumauke på 77 prosent. Trondheim er rett bak med 75 prosent.

På Posten og Bring sitt logistikksenter i Trondheim har det med andre ord vore travle dagar det siste halvåret.

Odd Roger Tiller på Logistikksenter Trondheim (LST)

REGIONDIREKTØR: Odd Roger Tiller er regiondirektør for Posten og Bring i Midt-Noreg. Han trur pandemien har endra kjøpsvanane våre.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Vi er nok oppe i 50.000-60.000 pakkar i døgnet her på terminalen, men det varierer sjølvsagt, seier regiondirektøren.

Han fortel at det har vore ei generell auke på varer folk vanlegvis handlar i butikkane. Både sminke og klede, men også elektronikk og forbruksvarer. I påska kjøpte folk bålpanner, sidan dei ikkje fekk lov til å reise på hytta.

– Vi trur at denne pandemien har sørga for endra kjøpsvanar. Mykje tyder på at kjøpsmønsteret hos forbrukaren har endra seg såpass mykje at auken vil vare, spår han.

Verdas største netthandelsselskap, Amazon, har også hatt ein enorm auke i år.

Tone Ness, produksjonsmedarbeidar på Logistikksenter Trondheim (LST)

HEKTISK PÅ JOBB: Produksjonsmedarbeidar Tone Ness sorterer mange slike pakkar i løpet av ein arbeidsdag på logistikksenteret til Posten og Bring i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Vi håpar sjølvsagt at veksten held fram, og det må vi førebu oss på. Vi har sterk konkurranse frå andre leverandørar, som også opplever vekst. Konkurranse er bra. Det gjer at vi skjerpar oss, seier Tiller.

– Vi har kjent det godt på kroppen

Driftskoordinator Bjørn Erik Strand på logistikksenteret held motet oppe til trass for hektiske dagar.

Bjørn Erik Strand

STOR AUKE: Bjørn Erik Strand er driftskoordinator for pakkar og gods på Posten og Bring sitt logistikksenter i Trondheim. Sjølv om samfunnet opna opp igjen, vart det ikkje nedgang i talet på pakkar, informerer han.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Det har vore ein enorm auke i heimelevering. Både på dagtid og kveld. I vår måtte vi utvide tidsrommet vi leverte på. Vi har kjent det godt på kroppen, vedgår han.

Sjølv om samfunnet opna meir opp, vart det ikkje noko nedgang på pakkemengda.

– Det var heller ein oppsving. Sommaren har vore usedvanleg bra. Då måtte vi bemanne opp. Vi har ein del vikarar her for å kunne klare å ta unna alt, fortel han.

Størst auke i Oslo

Den største veksten har likevel vore i Oslo. Der har det vore ein auke på 86 prosent.

Netthandel 2020/2019 Posten Norge

STOR AUKE: Oslo toppar statistikken over netthandel. Trøndelag ligg på 4. plass.

Foto: Posten Norge AS

– Når auken er størst i Oslo, kan det ha samanheng med at det har vore mykje koronasmitte i hovudstaden. Det kan ha ført til at innbyggjarane der har vore ekstra opptatt av å finne nye, smittevernvennlege leveringsmåtar, seier Tjønndal Pettersen.

Han trur at netthandelskundane ser fordelane med heimelevering der pakkane blir lagt i postkassen eller levert på døra.

– Då koronaen braut ut var det mange som ikkje ville gå i butikkar og oppsøke stadar med mykje folk. Då begynte ein å handle meir på internett.

Pressesjef i Posten, Kenneth Tjønndal Pettersen

PRESSESJEF: Pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten trur talet på pakkar vi bestiller i posten vil stabilisere seg på eit høgt nivå etter pandemien.

Foto: Posten

Kva handlar folk?

– Det starta med veldig mykje utstyr til heimekontor. Og så var det klede, leikar til barn og sportsutstyr. Då det blei stengt mot Sverige, såg vi ei kraftig auke i handel av snus og alkohol.

Han held fram:

– Vi har god tru på at talet på pakkar vil stabilisere seg på det høge nivået også når situasjonen i samfunnet har normalisert seg.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde