Hopp til innhold

Dømt for å ha nekta å levere fra seg førarkortet på grunn av koronafrykt

Mannen frykta han kunne bli smitta av covid-19. Derfor nekta han å overlevere førarkortet sitt etter å ha vorte tatt i fartskontroll.

Fartskontroll.

FARTSKONTROLL: Ein motorsykkelfører i Trondheim vart tatt i for å ha køyrd i 102 km/t i ei 80-sone.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

I tingretten fekk tiltalte medhald, men no er han dømt til å betale 3000 kroner for å ha brote vegtrafikklova om å vise fram førarkortet.

Nedsett immunforsvar

Mannen i slutten av 40-åra køyrde motorsykkel og vart stansa i 80-sona i Trondheim i juli 2020. Han vart målt til 102 kilometer i timen og vart dømt til ei bot på 6400 kroner. Under kontrollen viste han fram førarkortet til betjenten, men nekta å levere det frå seg slik at politiet kunne sjå skikkeleg på det.

Tiltalte viste til at han hadde dårleg immunforsvar og frykta covid-19 ved at førarkortet skulle skifte hender.

I Sør-Trøndelag tingrett vart han frifunnen for å ha nekta å levere førarkortet frå seg.

Retten tolka ordlyden i vegtrafikklova om å «vise fram» som at førarkortet må vere «synleg» for politibetjenten. Tiltalte fekk medhald i at det ikkje var naudsynt å overlevere det.

Påtalemakta anka saka til lagmannsretten som var samd med politiet og sende saka tilbake til tingretten.

Smittevernet ikkje godt nok, meiner retten

I slutten av april vart det ny behandling i Trøndelag tingrett. Tiltalte viste til naudretten og gjentok at han hadde nedsett immunforsvar og frykta å bli smitta av covid-19 via førarkortet.

Tingretten meiner det ikkje vart tatt nok omsyn til smittevernet. Men tiltalte kunne ha bede betjenten om å ta på seg hanskar eller vaska førarkortet med Antibac før det vart levert tilbake, går det fram av domen.

Naudrett kan ikkje kome på tale når det var alternative løysingar, meiner tingretten.

Sjeldan folk nektar å overlevere førarkortet

Det er lite rettsleg praksis der personar som blir stansa i kontroll ikkje lar politiet få førarkortet til sjekk. Tingretten viste til ein dom frå Hålogaland lagmannsrett i 2020. Her anka tiltalte saka til lagmannsretten etter å ha vorte dømd i tingretten, men utan å få medhald.

Ordlyden i vegtrafikklova om at førarkortet må vere «synleg» inneber at politiet må få førarkortet overlevert for å kunne gjere jobben sin, meinte lagmannsretten.

Å ikkje overlevere førarkortet skal vanlegvis straffast med bot på 6000 kroner. Sidan tiltalte i tillegg fekk ei fartsbot på 6400 kroner, vart bota for det andre forholdet sett ned til 3000 kroner. Betaler han ikkje denne bota må han sone seks dagar i fengsel.