Hopp til innhold

Køyrde 4,9 millionar kilometer utan passasjerar

AtB må kutte 80 millionar kroner for å få budsjettet til å gå opp. Samstundes køyrde bussane i AtB-systemet i fjor 4891 000 kilometer i 2014 utan passasjerar.

Rutetilbudet til Atb skal vurderes

Kvar enkelt passasjer kosta 8300 kroner på nokre av rutene i Røros.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Torhild Aarbergsbotten

Fylkestingsrepresentant Torhild Aarbergsbotten (H) er misnøgd med kollektivtilbodet i Sør-Trøndelag.

Foto: NRK
Tore O. Sandvik

Fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik viser til at fylkeskommunen budsjetterer meir pengar til kollektivtrafikken i 2015 enn åra før.

Foto: NRK

Desse kilometerane køyrde bussane i såkalla posisjonskøyring, skriv Adresseavisen.

Høgre kjem til å ta opp organiseringa av kollektivtrafikken i Sør- Trøndelag i fylkesutvalsmøtet 24. februar.

Budsjettkutt

– Det kom ikkje uventa, sterke reaksjonar på kutta i kollektivtrafikken. Ute i distrikta er tilbodet nesten borte, og både i by og bygd er det mange som no heller vel bil enn buss, seier Torhild Aarbergsbotten, fylkestingsrepresentant for Høgre, til Adresseavisen.

Det er tidlegare kjent at AtB må kutte 80 millionar kroner for å få budsjettet til å gå opp.

Aarbergsbotten kjem i fylkesutvalsmøtet til å be fylkesordførar Tore O. Sandvik om å kalle inn til eit eigarmøte med AtB for å få til eit betre kollektivtrafikktilbod, skriv Adresseavisen. Ho meiner AtB må gå saman med operatørane for å finne betre løysingar enn dei har i dag.

Aarbergsbotten meiner fylkeskommunen ikkje kan leve med dagens situasjon fram til 2022 og ho trur ein er inne i ein negativ passasjerutvikling for trondheimsregionen med risiko for ikkje å klare kriteria for å få statlege midlar.

Dyre passasjerar

Adresseavisen brukar Røros som døme og viser til at kvar enkelt passasjer på enkelte av rutene har kosta heile 8300 kroner. Bussane i AtB-systemet har også køyrt 4,9 millionar kilometer utan passasjerar i Trondheim og regionane rundt.

– Eksempelet frå Røros er altfor dyrt, og pengane kan brukast betre enn dette. Me er samde i at alle steinar må snuast. Målet må vere å få til ein betre pris med operatørselskapa, utan at det kjem i strid med konkurransereglane, seier fylkesordførar Tore O. Sandvik til Adresseavisen.

Har auka budsjettet

Sandvik viser vidare til at fylkeskommunen budsjetterer med meir til kollektivtrafikken i 2015 enn i fjor og åra før.

– Slik oppfyller me kriteria i eksisterande belønningsavtale. Dessutan veks framleis kollektivtrafikken frå nabokommunane, sjølv om den veks lite i Trondheim. Der er me avhengig av statlege midlar for å auke kapasiteten og betre rutetilbodet, held han fram til avisa og peikar på at eit samla Storting, i Nasjonal transportplan, har sagt at ytterlegare vekst i kollektivtrafikken i og rundt byane må kome via statlege midlar.

Les også: AtB får styre bussene sjøl