Hopp til innhold

Høge koronatal ved St. Olav var falsk alarm: Smitteutbrot blant pasientar

Talet på innlagde koronapasientar ved norske sjukehus går nedover, men ikkje ved St. Olavs hospital i Trondheim. Det har ei naturleg forklaring.

St. Olavs hospital

SMITTEUTBROT: Fleire pasientar ved St. Olav har fått påvist koronasmitte etter at dei vart lagt inn på sjukehuset.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

I løpet av dei siste dagane har det vore ei auke i innlagde koronapasientar ved St. Olavs hospital. Sjukehuset har no 24 innlagde pasientar med påvist koronasmitte.

Det er ei dobling frå måndag, då det var 12 koronapasientar ved sjukehuset.

Nasjonal nedgang

252 koronapasientar er no innlagde ved norske sjukehus. Sjølv om talet på koronasmitta stig, går likevel talet på innlagde koronapasientar kraftig ned.

Det er ein nasjonal nedgang i talet på innlagde, så det er eit avvik her i Trøndelag. Det er tal som vi vil følge nøye med på, sa fylkeslege Jan Vaage til NRK fredag morgon.

Sjukehuset går altså mot straumen. Men kva er grunnen til det?

– Det har ei naturleg forklaring. Dei som blir innlagde har andre sjukdommar, men så får dei påvist koronaviruset og blir ein del av koronastatistikken, seier kommunikasjonsrådgjevar Christina Yvonne Kalland ved St. Olavs hospital.

Jobbar med å gje eit meir reelt bilete av smitten

Det pågår no eit lokalt utbrot på sjukehuset. Pasientar som vart innlagde for andre grunnar enn koronaviruset, har altså fått påvist koronasmitte i ettertid.

Akkurat i dag gjeld dette 9 av 24 innlagde koronapasientar. Det er jamleg koronapasientar som er lagt inn med ein anna hovuddiagnose enn korona. Slik er det ved alle sjukehus.

St. Olav jobbar no med å skilje desse to gruppene frå kvarandre, slik at vi får eit meir reelt bilete av sjukehusbelastninga når det gjeld korona.

– Det er for tidleg å seie om dette er starten på ein trend med ei auke i talet på koronapasientar. Framover er vi førebudde på at fleire pasientar vil vere innlagde av andre grunnar, og i tillegg vere koronasmitta, fortel fagdirektør Birger H. Endreseth.

Pasientane med påvist koronasmitte ved sjukehuset er i aldersgruppa 30-90 år. Dei fleste har høg alder. Om lag halvparten er uvaksinerte.

Tre av pasientane som no er innlagde, er kopla til respirator på intensivavdelinga.

Omikronvarianten dominerer

Torsdag vart det igjen sett ny smitterekord i Trondheim med 533 nye koronasmitta. Det er meldt om 11.597 nye smittetilfelle det siste døgnet på landsbasis.

Folkehelseinstituttet (FHI) ventar ei betydeleg vinterbølge av pandemien i Noreg frå januar til mars. Dei anslår at fleire hundre tusen vil bli smitta i vinter.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier til NRK at dei reknar med å sjå toppen i månadsskiftet januar/februar.

Men det er færre som blir alvorleg sjuke av viruset no.

Omikronvarianten av koronaviruset er no dominerande i Noreg, ifølge FHI si ferskaste risikovurdering. Denne varianten spreier seg raskt, men gir mindre alvorleg sjukdom og mindre sjanse for sjukehusinnlegging.

– Vil kunne handtere eit verstefallsscenario

St. Olavs hospital hevdar dei er førebudde på ei vinterbølge.

– Det er vanskeleg å seie kva som kjem, men om det blir eit verstefallsscenario, vil vi kunne handtere det, meiner fagdirektøren.

Han seier at han er mest bekymra for om sjukehuset har nok personell tilgjengeleg. Akkurat no har sjukehuset rundt 10 prosent sjukefråvær.

– Sjukdom blant tilsette kan bli den store utfordringa dersom det blir veldig mykje smitte i samfunnet.

Fylkeslegen legg også vekt på at det er uheldig dersom mange blir sjuke samtidig.

Jan Vaage

FYLKESLEGE: Fylkeslege Jan Vaage i Trøndelag.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– No forsøker vi å finne ein balanse mellom å ikkje ha altfor mange sjuke på ein gang, men samtidig tole at det er ein del smitte. Det er fordi omikron gir mindre alvorleg sjukdom, og fordi vi har høg vaksinedekning i Noreg no, forklarar fylkeslegen.

Men vi kan ikkje senke skuldrene heilt.

– Når veldig mange blir sjuke på ein gang, vil også den relativt vesle delen med alvorleg sjuke bli stor. Dette kan sjølvsagt bli ei utfordring for sjukehusa, påpeikar Vaage.