Hopp til innhold

Kommunedirektør med bøn til regjeringa: – Bør bli innført grensekontroll

Kommunedirektøren i Trondheim vil ha innstrammingar på grensa. – Viktig å ha eit system som fungerer dersom importsmitten veks, seier helsedirektør Nakstad.

rådmann i Trondheim, Morten Wolden

BER OM INNSTRAMMING: Kommunedirektør Morten Wolden meiner regjeringa bør innføre grensekontroll for å hindre importsmitte.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Med ein ny «all time high» i smittetala i Noreg siste døgn, så er vi nøydde til å følgje med på den delen for å hindre ein ny runde med mykje importsmitte til Noreg, seier kommunedirektør Morten Wolden.

Trondheim kommune førebur seg på at regjeringa innfører strengare reglar på grensa.

Kommunedirektøren seier han er ganske sikker på at det vil skje.

– Det bør bli innført grensekontroll der ein må vise vaksinasjonspass, viss ikkje burde det vere slik at ein må bli vaksinert eller bruke karantenesystemet vi hadde tidlegare, seier han.

Fryktar ny runde med mykje importsmitte

Kommunedirektøren er redd for at uvaksinerte personar som reiser inn i Noreg skal bidra til å auke smittetrykket ytterlegare i Noreg.

  • Nasjonalt vart det registrert ein ny smittetopp på tysdag. 2552 personar vart registrert som koronasmitta. Same dag låg 218 koronapasientar på sjukehus, 52 av desse pasientane låg på intensivavdeling, og blant dei 33 med pustehjelp frå respirator.
  • I Trondheim var det 70 personar som testa positivt for covid-19 i går. 21 koronapasientar er no innlagde på St. Olavs hospital i byen, sju av dei ligg på intensivavdelinga, og seks av desse får pustehjelp med respirator.

Nakstad: – No betyr innanlands smittespreiing mest

Norske helsemyndigheiter seier til NRK at dei vurderer situasjonen fortløpande.

– Vi jobbar med innreisesystemet no saman med andre etatar, slik at det er godt tilpassa behovet framover, skriv assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad i ein e-post til NRK.

Han seier at innreisefeltet er særleg kompleks fordi det involverer både kommunehelsetenesta med tanke på testing og justismyndigheitene for grensekontrollen.

Kva må til for at de innfører strengare innreisereglar?

– Innreiseområdet heng saman med andre smittebegrensande tiltak og råd i samfunnet. Dess større betydning importsmitten har, dess viktigare blir det å kontrollere koronasertifikat og testing på grensa.

dbQpXFK

VURDERER FORTLØPANDE: Dess større betydning importsmitten har, dess viktigare blir det å kontrollere koronasertifikat og testing på grensa, seier assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Nakstad er tydeleg på at importsmitten si betydning er avhengig av forholdet mellom smittepresset i Noreg og land vi har mykje reiseaktivitet til.

– Akkurat no er det innanlands smittespreiing som betyr mest, men fordi fleire land i Aust-Europa og andre verdsdelar har låg vaksinedekning, er det viktig å ha eit system som fungerer etter behovet dersom importsmitten veks.

Statssekretær Hans-Petter Aasen i justis- og beredskapsdepartementet skriv følgjande:

– Regjeringa vurderer fortløpande smittesituasjonen og aktuelle tiltak, også for innreise og grensekontroll. I vurderingane blir det lagt vekt på faglege råd og innspel. Spørsmålet om, og eventuelt når tiltak bør iverksettast, blir vurdert fortløpande.

Helse- og omsorgsdepartementet svarar også at dei følgjer situasjonen fortløpande.

Tar i bruk pensjonerte politifolk igjen

Dersom innreisereglane blir stramma inn, vil Trondheim kommune igjen bruke pensjonerte politifolk til å kontrollere om tilreisande arbeidarar frå utlandet og bedrifter følgjer smittevernreglane.

– Vi har brukt denne gruppa med stort hell før. Dei er klare til å ta fatt på arbeidet igjen når dei nye innreiserestriksjonane blir innført. Eg er ganske sikker på at det vil skje, seier Wolden.

Han grunngjev det med at innstrammingane var tema i eit møte han var i med helseministeren førre torsdag.

– Korleis jobbar de med karantenehotell?

– Vi har tilgang på det ut året og moglegheit for å ha det seinare. Det er ikkje mange som ligg der no, men vi kjem i ein situasjon der vi skal ta imot rundt 1000 nye studentar i løpet av januar og februar.

Han fortel at dei er opptatt av å ha eit godt system, som dei må finne saman med statsforvaltar, nasjonale styresmakter og dei andre kommunane i regionen.