Ny smittetopp i Trondheim – kan bli aktuelt med nasjonale tiltak

Det vart registrert 218 nye koronasmitta i Trondheim i går. Helsedirektør Espen Nakstad fortel at smitten stig i 100 kommunar i landet akkurat no.

Trondheim by med Nidarosdomen.

TRONDHEIM: Det er aukande smittetrend fleire stader i landet, mellom anna i Trondheim, der det er ny smittetopp.

Foto: Roger Myren / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det er onsdag meldt om 218 nye koronasmitta i trønderhovudstaden frå dagen før. Det er ny smittetopp under pandemien.

125 av dei er kvinner, 93 er menn. Det blei tatt 516 PCR-testar.

2. september var førre smittetopp med 163 registrerte smittetilfelle.

– Pandemien er ikkje over

Etter gjenopninga av landet 25. september har både smittetal og talet på innlagde koronapasientar vore låge og stabile. No er smittetala stigande.

– Det er nok mange som tenkte at pandemien var over no. Dette er ei påminning på at det ikkje er over, fastslår kommuneoverlege Tove Røsstad.

Også Tromsø har nådd ein ny smittetopp det siste døgnet med 94 nye smitta. Det er 16 opp frå døgnet før med 78 smittetilfelle.

Kommunen varsla tysdag at nye tiltak vil kunne innførast 11. november, dersom smitten ikkje minkar.

Ved UNN Tromsø er det no 21 innlagde koronapasientar og på UNN Narvik er det to koronapasientar.

Det siste døgnet er det registrert 1.626 nye koronasmitta i Noreg. 163 koronapasientar er innlagde på norske sjukehus.

Mange barn er smitta

Heile 138 av dei 218 koronasmitta i Trondheim tysdag er under 20 år.

Tove Røsstad

SVEKKA EFFEKT: Kommuneoverlege Tove Røsstad i Trondheim kommune seier at koronavaksinen kan ha tapt litt effekt, sidan fullvaksinerte er innlagde på sjukehus med korona.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Vi er ikkje så veldig bekymra for barn som er smitta. Dei aller fleste har milde symptom, og ein del har ikkje symptom i det heile tatt, seier kommuneoverlegen til NRK.

Mange skular i Trondheim er råka. Det føregår massetesting ved fleire skular. 13 skular er ramma av sporadisk smitte, og 9 skular har meir omfattande smitteutbrot, ifølge kommuneoverlegen.

Folkehelseinstituttet har i dag publisert ein rapport om koronasmitte blant barn og unge etter skulestart i haust.

Der skriv dei mellom anna at dei har sett størst smittespreiing blant ungdom på vidaregåande skular og ungdomsskular. Mange elevar starta på skulen med uoppdaga smitte.

Skjult smitte

Kommuneoverlegen seier folk er flinke til å teste seg, sjølv om landet har opna opp att.

Men ho er likevel litt bekymra for skjult smitte i samfunnet.

– Det er nok mørketal. Det er folk som er smitta, som ikkje testar seg. Vi har nok sirkulerande smitte i byen, seier Røsstad.

Men no er strategien litt annleis.

– Vi har ikkje lenger ambisjonar om å ha full oversikt, sidan befolkninga i stor grad er vaksinert, fastslår kommuneoverlegen.

Innførte munnbindanbefaling – ikkje aktuelt med påbod

Tysdag morgon gjekk kommuneoverlegen ut med ei anbefaling om munnbindbruk.

Anbefalinga gjeld der det ikkje går an å halde ein meters avstand.

Onsdag seier kommuneoverlegen at det «ikkje er så veldig aktuelt» med påbod om å bruke munnbind dersom smitten held seg hovudsakleg blant barn.

– Det er slike ting vi vurderer utifrå ein totalsituasjon, fastslår ho.

– Vaksinen kan ha tapt litt effekt

Ni personar er no innlagde med koronavirus på St. Olavs hospital. Éin av desse får intensivbehandling.

Desse personane er frå 60 år og oppover. Dei fleste er fullvaksinerte.

– Det tyder på at vaksinen kan ha tapt litt effekt. Det er derfor vi går ut og anbefaler dei som er 65 år og oppover og ta ei tredje dose, seier kommuneoverlegen.

I går kom det også fram at smittetrykket i byen no er så stort at kommunen ikkje ringer dei som er koronasmitta. Dei som er koronasmitta får SMS med instruksar om kva dei skal gjere.

Nakstad: – Hald deg heime om du er sjuk

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet meiner vi må ta grep no som smitten er på veg opp.

– No har vi ein aukande smittetrend som også medfører auke i talet på innleggingar, og vi ser at smitten akkurat no stig i 100 kommunar, seier han.

Nakstad fastslår at vi er nøydde til å snu denne trenden dersom vi skal klare oss inn ein influensasesong, utan at det skal få store konsekvensar for pasientane som også treng helsetenester.

– Då er det viktigaste at vi skjerpar oss på å vere heime når vi er sjuke. Det er veldig effektivt.

dbQpXFK

KLAR BESKJED: Assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet er tydeleg på at ein må skjerpe seg og halde seg heime dersom ein er sjuk.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Statsminister Støre: – Utelukkar ikkje nasjonale tiltak

Nakstad peikar på spørjeundersøkingar som viser at 4 av 10 ikkje held seg heime når dei er sjuke.

– Klarer vi det, i tillegg til å skjerpe litt lokale råd og reglar, så kan det vere nok til å snu denne smittetrenden, meiner Nakstad.

– Det er klart at samanfall av auka koronasmitte og influensa samtidig inn mot vinteren, det veit vi vil bli utfordrande, legg han til.

Dersom presset på helsetenesta blir for stort, kan det bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak, ifølge helsedirektøren.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at ein ikkje kan utelukke å ta nasjonale grep dersom det blir nødvendig og anbefalt.

– Hovudstrategien no er å støtte kommunane som gjer tiltak mot lokal smitte. Det meiner helsefagsmyndigheitene er det mest treffsikre no.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.01.2022
77 047
Smittede siste 7 dager
249
Innlagte
1 413
Døde
4 304 776
Vaksinerte

Siste fra Trøndelag

Grete Thobroe, Midtnytt

Se kveldens første Midtnytt

Se kveldens første Midtnytt