Hopp til innhold

Sigurd mista smak og lukt på grunn av korona: – Alt smakte som vatn

Helsedirektoratet ventar at fleire vil slite med lukt- og smakstap som følgje av korona framover.

Sigurd Ranum Ekås.

Medisinstudenten Sigurd Ranum Ekås lagde si eiga bedrift for å hjelpe folk som ønskjer å få betre smak og luktesans.

Foto: Privat

Lukta av nysteikte peparkaker, mandarinar, ribbe og leskande væsker.

Medan familien til Sigurd Ranum Ekås gafla i seg julemiddagen hadde han sjølv ingen smak- eller luktesans som følgje av at han hadde hatt covid-19 tidleg i desember.

Eg lukta ingenting om eg drakk vatn, brus eller øl. Alt smakte som vatn.

Medisinstudenten frå Melhus vart ikkje nøgd med informasjonen han fann om dette på internett.

Fleire meiner at informasjon- og rehabiliteringstilbodet til dei som får plagar med smak og lukt som følgje av korona er for dårleg.

Fleire har mista lukt og smak

Dei neste vekene og månadene vil mange av oss bli smitta av koronaviruset.

Heldigvis er dei fleste godt vaksinerte, og blir ikkje veldig sjuke.

Men for nokre blir konsekvensane meir alvorlege. For nokre blir det langvarige utfordringar.

NRK har tidlegare skrive om Liv Eva Kirkesæther som mista både smak- og luktesansen i tre månadar etter koronasjukdom.

Ifølgje internasjonale studiar mistar så mange som 77 prosent luktesansen av covid-19-sjukdom, skreiv forskning.no i desember.

Styresmaktene neglisjerer oralhelse

Ein som tilbyr behandling for lukt og smaksproblem som dette i Noreg er Preet Bano Singh.

Ho er tannlege og spesialist i smak og luktesans, og ho ber helsestyresmaktene om å ta meir ansvar.

– Eg føler at helsestyresmaktene gang på gang neglisjerer oralhelse.

Slik rehabilitering er relativ enkel. Det krev verken sjukehusinnleggingar eller fysioterapibehandling, forklarar ho.

Kvifor kan ikkje desse pasientane bli tatt inn på rehabiliteringsklinikkar på lik linje med alle andre problem? Kva er det som er så kostbart? spør Singh.

Preet Bano Singh er forsker, førsteamanuensis ved odontologiske fakultet ved UiO, og sykehus-tannlege.

Preet Bano Singh er forskar, førsteamanuensis ved odontologiske fakultet ved UiO, og sjukehus-tannlege.

Foto: NRK

Ventar at fleire får utfordringar framover

– Det er ein god del som har fått desse plagene. No står vi framfor ei smittebølge, og kan vente oss at det blir ein god del fleire som vil oppleve det same, seier Johan Georg Torgersen.

Han er divisjonsdirektør for kvalitet og forløp i Helsedirektoratet.

Fordi dei erfarer at det er såpass enkelt å behandle hos dei fleste, meiner Helsedirektoratet at ein ikkje treng å bygge opp ny kapasitet med fleire spesialistar på dette i Noreg, forklarar han.

Han seier folk bør vente seks veker før dei går til legen på grunn av mangel på lukt og smak etter gjennomgått koronasjukdom.

– Fastlegen er ein god stad å starte. Få ei vurdering på om plagene kan bli handtert der først.

I 2020 fekk dei regionale helseføretaka ansvar for å lage eigne rehabiliteringsinstitusjonar for covid-19 pasientar.

Sjukehuset i Vestfold er blant dei som driv med rehabilitering. Dei anbefaler bruk av eteriske oljar for å trene opp luktesansen, ifølge Torgersen.

– Spørsmålet er om det skal bli behandla hos primærhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.

Divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet

Divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet.

Foto: Ketil Kern/NRK

På veg mot betre luktesans

Opplevinga av å miste smaken inspirerte Ekås til å starte ei bedrift som skal hjelpe folk som slit med liknande utfordringar.

Heldigvis kjem luktesansen tilbake for dei fleste som har covid-19, sjølv om nokre får langvarige plagar.

– Eg driv mykje med luktetrening. No er luktesansen min på veg til å bli bra, seier Sigurd Ranum Ekås.