Hopp til innhold

Kongelig på St Olavs

Prinsesse Märtha Louise opna bluesfestivalen for borna på sjukehuset.

Video nsps_upload_2009_4_27_17_56_9_4050.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Blå tonar og såre melodiar. Nidaros Bluesfestival er i gong. Og på St Olavs Hospital vart det ei eventyrlig opning for dei alle minste.

Opning

Etter at festivalsjef Jan Engen hadde gjort ei lite høgtidlig opning av den tiande Nidaros Bluesfestival, var prinsessa klar for fortelje eventyr til borna.
Ho ser klare parallellar mellom eventyr og blues.

- Både eventyr og blues er følingsmessige sjangrar. Blues er ote den melankolske følinga. Eventyr er bra for å illustrere følelsar. Både gode og mindre gode. Eg trur det er ein samanheng der.

Høgdepunkt


Jan Engen er ikkje sikker på korleis han skal toppe eit slikt høgdepunkt så tidlig i festivalen. Men han har ein ide.

- Vi får gjere som Knutsen og Ludvigsen seier. Kanskje kommer kongen, flirer han.

Han ser likevel fram til mange dagar med god blues, sjølv om det trulig ikkje vert meir kongelig besøk.

Nidaros Bluesfestival varer frå 27. april til 3. mai.