NRK Meny
Normal

Fylkesveg 17-prosjektet i grøfta på Namdalseid

Prestisjeprosjektet Fylkesveg 17 Steinkjer-Namsos sprika for mykje. For mange hensyn skulle takast til at dei fire nabokommunane kunne bli einige. Torsdag fekk truleg prosjektet dødsstøtet som samla bomvegprosjekt.

Ny fylkesveg 17

Fylkesveg 17 skulle bli ny og moderne gjennom ei storstilt satsing. Med bompengar skulle prosjektet finansierast. No kan det ha havarert for godt for halve prosjektet sin del.

Foto: Statens Vegvesen / Illustrasjon

– No var nok nok for eit einstemmig kommunestyre i Namdaleid, seier ordfører Steinar Lyngstad (SP), til NRK.

Steinar Lyngstad

Ordførar i Namdalseid, Steinar Lyngstad.

Foto: Privat

Han hadde før møtet orientert Namsos-ordførar Morten Stene Stene (Ap), om kva som truleg kom i vedtaks form frå Namdalseid. For no var det nok tap i nord. No fekk sør for mykje, alt i alt. Samarbeidet om nyvegen bilistane i Namsos og Namdalseid også skulle vere med å betale, betalte seg ikkje i nord i form av betre veg, enda dei var lova mange nye bommar.

Ei lang og sørgeleg historie

Svingete så det gjer mon. Fylkesveg 17 Steinkjer - Namsos, ei strekning på vel 70 kilometer, er kjent som ein tung veg å fare. Om vinteren er verforholda varierande, med snø i høgda på Namdalseid og mildare ver langs fjorden i Namsos og i Steinkjer. Vegen går gjennom små sentrum både på Jådåren og i Vellamelen i Beitstad, i Sprova, på Korsen og i Namdalseid sentrum, og gjennom Bangsund i Namsos. Redusert hastigheit er det mange stader. Elgfaren er dei alltid merksame på - og varsame for, dei som kjører strekninga fast.

Så skulle vegen opprustas til glede for næringsliv og private trafikantar som i årevis har passert desse små bygdesentrum og runda alle ekle svingar.

Eit lokalt igangsett prestisjeprosjekt vart lansert. Eit storstilt samarbeid for ein langt meir moderne veg.

Det var berre den haka at det første initiativet kom frå vesle Verran, heilt i utkanten av aksen Steinkjer-Namsos, og nabokommunen til Steinkjer. Dei ønskte seg mest av alt ny bru over Beitstadsundet, for å korte reiseavstanden til byen. Dette gagna ikkje dei lenger nord, namsosingar eller eidbyggen, spesielt mykje.

Fylkesveg 17

Vegen mellom Steinkjer og Namsos skulle bli moderne. Men samarbeidet vart til bikkjeslagsmål.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Verran stod på sitt, og truga med å trekke seg om ikkje fjordkryssinga blei med i bompengeprosjektet, og fekk med ny fjordkryssing til Steinkjer. Men det stikk av med brorparten av pengane til nyvegen, meiner Namdalseid og Namsos.

Bombe under arken

Her låg bomba under arken i det stortstilte bomvegprosjektet som no kan bli ei studie i korleis ulike interesser kan komme til å tvinge ein god tanke i kne - og gravlegge alle gode intensjonar.

Det var nemlig ikkje nok til alle. No har nord trekt seg. For alt går i retning av at Namsos følgjer etter Namdaleid.

Nord er av den meining at fjordkryssinga i stor grad er blitt ei dyr sak som gagnar einast Verran og Steinkjer, og ser ikke nytta av brua når pengar til den går ut over resten av prosjektet, som dei meiner er tilfellet.

Ny fjordkryssing for Riksveg 17 i Beitstad

Eit gedigent prosjekt er det, den planlagde fjordkryssinga på det som eigentleg ikkje er fylkesveg 17, men fylkesveg 720.

Foto: Camilla Bilstad / NRK

Riksveg 17-prosjektet i grøfta tidlegare

Det fylkeskommunalt støtta prosjektet har vore i grøfta tidlegare, men no kan det ha hamna der for godt.

Les NRK-sak 1 om krangelen i 2014. Og: NRK-sak 2 om krangelen i 2014.

Møter i prosjektgruppa mellom kommunane har i fleire år vore prega av kjøleg distanse. Namsos kommunestyre har nesten trekt seg ut tidlegare og har fått grundig kjeft for å vere egoistiske. Det handla om at dette skjedde etter at dei berykta Bangsundsvingane i Namsos var utbetra heilt i starten av det som skulle bli det store bomvegsamarbeidet.

At Namsos hevda dei fekk for lite ut at samarbeidet etter at desse hårnålssvingane var retta ut, fekk det til å koke lenger sør.

Fylkesveg 17

Skiltet markerer Fylkesveg 17, og draumen om eit vegsamarbeid som sprakk.

Midt i det heile har Namdalseid stått. Heilt bokstaveleg også midt i vegprosjektet.

Der har mykje handla om korvidt vegen skulle gå utanom sentrum, i ei stor, dyr omlegging, eller om ein skulle lappe på det ein hadde. Eidbyggen var ikkje einige med seg sjølve. Prislappen var også eit moment å skjele til. Eidbyggen var til slutt lite nøgde med at dei fekk for lite ut av samarbeidet, dei kjende seg lurt, som namsosingane.

Fylkeskommunen ville starte uansett

Slik har det humpa og gått. Litt fram og så litt tilbake. Kvikkleire kom også inn og forkludra planene om fjordkryssinga mange allereie var imot. Det fordyra prosjektet og førte til enda mindre pengar i nord.

Les NRK si sak om da kvikkleira kom inn i fylkesveg 17-prosjektet.

Likevel har fylkeskommunen stått på vidare og fungert som meklar. Fylkesråden for samferdsel, Høgres Tor Erik Jensen, har freista ri dei uvillige hestane vidare, saman med dei villige.

Tor Erik Jensen

Fylkesråd for samferdsel i Nord-Trøndelag, Tor Erik Jensen.

Foto: Beate Haugtrø / NRK

Tanken vart at ein skulle starte i sør, med brua til Verran og nyvegen som Verran og Steinkjer heia på. For så å halde fram i nord. Men der har dei no berre bompengar i sikte og ingen stor betring verken i vegstandarden eller i forkorta reisetid for strekninga Namsos-Steinkjer.

Sist veke sendte Fylkestinget i Nord-Trøndelag bompengesøknaden på første del av prosjektet, den i sør. Framfor møtet i Fylkestinget kom ein delegasjon frå Namdalseid med krav om at ein større del av bompengekostnaden må bli dekt av dei to kommunane i sør, når det no er dei som får mest igjen.

Fylkestinget rikka seg imidlertid ikkje frå opprinneleg plan.

Aksjon på Namdalseid

Namdalseid gjekk i tenkeboksen heime frå fylkestinget.

Berre timar etter møtet gav formannskapet rådmann Kjell Einvik i oppdrag å utrede kva Namdaleid no skulle gjere. Så, ei veke etter, hastebehandlar kommunen saka. Den kjem som ei sak til kommunestyrerepresentantane sendt ut kort tid før møtet. I dei offentlege sakspapira på nett finst den ikkje, der kjem den på kartet først etter at kommunestyremøtet i Namdalseid torsdag er godt i gang.

Rådmannen konkluderte med at Namdaleid legg vekk heile prosjektet gjennom sin eigen kommune og nordover til Namsos.

Kommunen er ikkje tent med at det blir bygd meir veg nordover. Der blir det berre flikking likevel. Dei får ikkje anna igjen, enn kravet om å betale bompengar, også nordover til Namsos.

Kart over bompengepunktene på fylkesveg 17

Bomstasjonane er teikna inn, prisen per passering er klar, men om det blir bomveg lenger nord enn ut av Steinkjer og inn i Verran er no heilt i det uvisse.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Fylkesveg 17-prosjektet kan bli eksemplet på vegsaka som til slutt havarerte på Namdaleid ein maidag i 2015.

Les her heile referatet frå kommunestyret i Namdaleid onsdag i lokalavisa Verran Namdaleid.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.