NRK Meny
Normal

Sentralisering og militarisering til debatt på Kimen

Stortingstvang og sentralisering - mot lokalt sjølvstyre. USA-hjelp eller global militarisering av landsdelen og auka atomfare? Det blir store tema i kveldens trønderske valmøte på NRK 2.

Valgdebatt Stjørdal 2017

Trøndelag har i 2017 fått eit nytt amerikansk nærvær: US Marines-soldatar blir no stasjonerte på den militære delen av Værnes i Stjørdal, like ved den sivile flyplassen.

Samtidig utreier regjeringa korleis Noreg kan vere budd på worst-case-scenariet eit atomangrep på Noreg.

Den nye jagar-hovudflyplassen på Ørland ved porten til Trondheimsleia, vil vere eit sentralt mål for eit fiendtleg angrep med atomvåpen mot Noreg, fryktar utreiarane.

Globalt brennpunkt - US Marines på Værnes

Kritikarane er så langt ikkje mange, men dei hevdar det nye amerikanske militære nærværet i Trøndelag er starten på ei omlegging av den vedteke norske basepolitikken: Ingen faste utanlandske militærbasar på norsk jord.

US-Marines Værnes mai 2017

Amerikanske soldatar er i dag stasjonerte i Stjørdal, i det som meir og meir tar preg av ein amerikansk militærbase.

Foto: NRK

Ordførar i Stjørdal Ivar Vigdenes fra Senterpartiet, har tatt imot USA-soldatane med ope sinn. Han meiner dei fører godt med seg, og er ikkje uroa.

Men er eit nytt brennpunkt for den globale rivaliseringa mellom stormaktene no norsk jord, spør NRK i debatten som like godt foregår i Stjørdal, i kulturen si nye storstue kulturhuset Kimen.

Lokale brennpunkt - utkantane kjenner seg ofra

To lokale brennpunkt står på dagsorden. Det eine er: Skal Stortinget køyre over lokale vedtak der staten finn det rett at dei bestemmer kva for kommunar som bør føyast saman og kva for kommunar som bør få lov til å halde fram som eigne kommunar?

Leka, Vikna, Nærøy og Bindal

Leka-ordførar Per-Helge Johansen har blitt føraren for dei som protesterer mot tvangen som blir nytta mot små kommunar. Han stiller i valdebatten i Stjørdal.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

Ordførar Per-Helge Johansen på Leka har blitt symbolet på at lokalt nei må få bli eit nei. Johansen møter til debatt om framtida for øyfolket han er ordførar for.

Eit analyseselskap i Oslo meiner på si side at kommunesamanslåingane er for lite omfattande og at dei som ikkje lyttar til regjeringa blir taparar. Les analysen til selskapet Nivi Analyse her: Kan ikkje leve med så liten kommunereform.

Det andre lokale brennpunktet er nærheita fra distrikta til dei som handhevar lova og utøvar politimyndigheit. Den effekten som ser ut til komme av det som tvert mot kva den blir hevda å representere, heiter "nærpoliti-reforma". Tener denne reforma til namnet sitt - eller er den reforma i realiteten ein "fjernpoliti-reform", spør vi i debatten.

Adresseavisens og NRK's valgprogramledere, Harry Roger Tiller og Odd Rune Wolden

Harry Tiller, Adresseavisen, (t.h.) og Odd Rune Wolden, NRK Trøndelag, leiar valdebatten på NRK 2.

Foto: NRK

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.