Kommuneoverlegen fryktar storspreiar blant NTNU-studentane

Smittetala i Trondheim gjorde eit byks i helga, og det bekymrar kommuneoverlegen. På landsbasis er 31 personar no innlagde på sjukehus med koronasmitte, og det er det høgaste talet sidan starten av juni.

Fasaden til NTNU Gløshaugen i Trondheim

FEM NYE SMITTA: Ved NTNU har fem studentar fått påvist koronasmitte i løpet av helga. Fleire av dei smitta er med på å planlegge studentfestival.

Foto: Morten Andersen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det kan verke som om ein av dei smitta i helga er litt meir smittsam enn det vi vanlegvis ser. Vedkommande har hatt veldig mange sosiale kontaktar, seier kommuneoverlege Tove Røsstad i Trondheim til NRK.

Det er stigande smittetrend i Trondheim. Ti personar fekk påvist koronasmitte i kommunen i løpet av helga. Fem av dei smitta er NTNU-studentar. Totalt 250 personar har hamna i karantene.

– Det er eit høgare tal enn vi har hatt i det siste. Vi har stort sett hatt ti smitta i veka. Dette er i all hovudsak nærkontaktar til folk som har blitt smitta dei siste dagane, fortel ho.

Tove Røsstad, kommuneoverlege i Trondheim

FRYKTAR STORSPREIAR: Kommuneoverlegen i Trondheim, Tove Røsstad, fortel at ein av dei smitta har mange nærkontaktar, og potensielt kan ha smitta mange.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Tidobling av studentar i testkø

Studentane som er smitta tilhøyrer ulike fakultet, og foreløpig er om lag 120 personar pålagt karantene, ifølge ei pressemelding frå NTNU. Smittevernkontoret i Trondheim kommune opplyser at dette talet kan auke dei nærmaste dagane når smittesporinga held fram.

– Det er ein del smittespreiing i studentmiljøet. Studentane er vi litt ekstra oppmerksame på, fordi dei får mildare symptom, og kan lettare gå under radaren. Vi er litt ekstra på vakt, vedgår Røsstad.

Kommuneoverlegen hevdar at dei har kontroll på smitten i byen. Ho fortel om eit rush på testinga og anslår ei tidobling av personar i testkø.

– Det har blitt eit ekstra press på testkapasiteten vår, men vi har framleis kontroll på smitten. Ingenting er heilt garantert, så det blir spennande å følgje utviklinga dei neste dagane, seier ho.

Mange av dei smitta førebur studentfestival

Smitteutbrotet påverkar også planlegginga av Isfit – den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. Isfit-kontoret på Gløshaugen blei søndag stengt, og alle dei frivillige skal no testast.

– Det viktige for oss har vore å hjelpe kommunen med smittesporing, og å stoppe all vår fysiske aktivitet for å sikre at det ikkje førekjem vidare smitte. Vi følgjer situasjonen nøye, og er i kontakt med NTNU og kommunen, seier president for Isfit-festivalen Mathilde Breda Enkerud i ei pressemelding.

Immatrikuleringen i Trondheim her med leder av Studentersamfundet og leder av Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim.

STUDENTSMITTE: Leiar ved Studentersamfundet Karen Mjør og leiar av Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, Mathilde Breda Enkerud på årets immatrikulering på NTNU i Trondheim.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Søndag vart det dessutan oppdaga smitte ved Studentersamfundet i Trondheim. 155 personar blir bedne om å teste seg som følge av dette.

Dobling av talet på sjukehusinnlagde

Ifølge Helsedirektoratet si oversikt har talet over koronasmitta som er innlagde på sjukehus, dobla seg på ein månad.

31 personar er no innlagde med påvist koronasmitte på landsbasis. For éin månad sidan var talet 16.

Vi må tilbake til 2. juni for å finne eit like høgt tal som vi har akkurat no.

Grønn 19
Grønn 18
Grønn 14
Grønn 10
Grønn 9
Totalt 123
Grønn
Forberedt på mobilisering
Gul
Ekstra ressurser mobiliseres
Rød
Situasjonen er alvorlig

– Utviklinga går i feil retning

NTNU-rektor Anne Borg er uroleg for utviklinga ved universitetet.

– Eg er bekymra. Utviklinga går i feil retning, og no må vi gjere alt vi kan for å stoppe smitten frå å spreie seg ytterlegare. Alle må følgje råd og pålegg frå smittevernmyndigheitene, seier ho i ei pressemelding.

Rektor Anne Borg, NTNU

BEKYMRA: Rektor Anne Borg ved NTNU er bekymra for utviklinga ved universitetet. – Vi må gjere alt vi kan for å stoppe smitten frå å spreie seg ytterlegare, seier ho.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ho forventar at alle studentar registrerer seg med QR-kode når dei deltek i fysisk undervisning, eller oppheld seg i fellesareal og grupperom ved universitetet. I førre veke hamna 500 personar i karantene, men talet kunne ha vore så lågt som 30 dersom studentane registrerte seg på førelesingane, anslo rektoren overfor NRK då.

– Det er foreløpig ikkje aktuelt å stenge heile, eller deler av campus, men vi følgjer utviklinga frå dag til dag, seier Borg.

Status Norge

Sist oppdatert: 29.11.2020
2 788
Siste uke
123
Innlagt
328
Døde

NRK Trøndelag akkurat nå