Hopp til innhold

Kommunar har kriseteam

Alle kommunar har no sett i gong sine kriseteam etter det som skjedde i Oslo og på Utøya fredag.

Gjennom fylkesmannen skal dei rapportere om utviklinga i sin kommune til Helsedirektoratet.

37 ungdomar frå med tilknytning til Trøndelag kom seint laurdag kveld frå Utøya tilbake til Trondheim.

Dei vart tekne i mot på mottakssenteret som Trondheim kommune har oppretta, og vart tekne vare på der.

- Senteret blir halde ope til over helga, seier trondheimsordførar Rita Ottervik (Ap).