Hopp til innhold

Norsk-afghanar drepen i heimlandet møtt med harme

Kommentarfeltet til lokalavisa Sør-Trøndelag fekk mange innlegg mot norsk innvandringspolitikk, etter at norsk-afghanar vart drepen på tur i heimlandet.

kart Afghanistan

Norsk-afghanaren frå Orkdal flykta frå heimlandet for snart ti år sidan. Før jul var han på eit kort besøk der, og vart ifølgje lokale kjelder drepen av Taliban.

Foto: NRK

Det var veslejulaftan lokalavisa i Orkdal skreiv om den unge mannen frå Afghanistan som var drepen i sitt gamle heimland like før jul, på ei reise der han skulle hente til Noreg den framtidige kona si.

Avretta av Taliban

Kjelder kring mannen har sendt opplysningar til mannens venner i Noreg om drapet, som skjedde på ein biltur mellom hovudstaden Kabul og heimstaden Quarabag, ifølgje lokalavisa Sør-Trøndelag.

Drapet skal ha hatt form som ei rein avretting i regi av Taliban.

Taliban

Taliban-styrkar driv ein innbitt krig mot regjeringa i landet og dei utanlandske soldatane. Krigen skaper eit farleg land mange flyktar frå.

Foto: NRK

Drapsmennene stansa bilen norsk-afghanaren satt i, og skaut han og to andre i bilen.

Godt integrerert flyktning

Årsaka til at mannen flykta frå heimlandet var at familien ikkje kom overeins med Taliban, som drap far hans da guten var ni år.

17 år gammal kom han til Noreg i 2009, etter ei flukt der han mellom anna ei stund hadde oppheldt seg i Iran.

I Noreg har han budd i Orkdal sidan 2010.

Han glei sers godt inn i lokalmiljøet, snakka raskt språket godt, likte å gå på skole, og fekk etter kvart fagbrev som elektrikar. I dag var han aktivt med i friviljug arbeid i lokalsamfunnet.

Han var i fast arbeid, hadde kjøpt seg leilegheit og skulle gifte seg – men med ei kvinne frå heimlandet.

Er det muleg å reise tilbake til fluktstaden, spør mange

At han fekk lov til å reise tilbake i dette ærendet, har hissa opp fleire i det mørke kommentar-segmentet på internett.

Kvifor kunne han gjere dette? Og fekk han støtte til turen? Var han ikkje flykta frå landet, osv.

Kommentarfeltet til avisa har etter kvart fått mange innlegg av denne typen.

Ein typisk kommentar til dødsfallet til ein av Noreg sine nye landsmenn er denne, skriven 2. juledag, av ei norsk kvinne: "Med Nav på ferie..??? Sorry føler ingen sympati, selv midt i jula".

Det fanst også adskillig verre kommentarar, slik det er i slike saker.

Men fleire som kjende mannen, utrykker si sterke sorg over dødsfallet.

Reaksjonar frå dei som kjende han

"Han var ein ung gutt, snill og blid. vi har ikke noe ord", skriv ein som kjende den 26 år gamle mannen, som ei helsing julaftan.

Den unge norsk-afghanaraen er i følgje opplysningar som er komme til Orkdalsmiljøet, allereie gravlagd i Afghanistan.

Konflikten med Taliban er uløyst og vanskeleg for dagens styresmakter i landet.

Stadig begår Taliban nye krigshandlingar i landet.

Utanriksdepartement i uvisse

Geværmunning hos Taliban i Afghanistan

Den 26 år gamle norsk-afghanaren vart møtt av geværmunningen til folk som truleg var fiendar, da han skulle vitje heimlandet.

Foto: Pål Refsdal

Utanriksdepartementet undersøker saka. Men dei opplyser at dei ikkje har nok informasjon til å kunne stadfeste kva som har skjedd, og at det kan ta opp til fleire veker å få offisiell informasjon frå Afghanistan om drapet.