Hopp til innhold

Ny sponsor sikrar prestisjeprosjektet

Kolstad Håndball har slite økonomisk – no kan ein ny hovudsponsor vere med på å sikre prosjektet si framtid.

Sinkaberg blir generalsponsor for Kolstad Håndball. Bilde fra pressekonferansen hvor sponsoren blir presentert. Fra venstre: Jostein Sivertsen (daglig leder, Kolstad), Vegard Selven (markedssjef, Kolstad), Svein Gustav Sinkaberg (konsernsjef, Sinkaberg) og Ketil Rykhus (ansvarlig for samfunnskontakt, Sinkaberg)

REDDAR KLUBBEN: Med ein ny hovudsponsor er framtida til Kolstad Håndball sikra.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det hjelper ikkje berre å vinne kampar, ein må også lukkast utanfor banen. Og det er sponsorinntekter og billettinntekter.

Det seier dagleg leiar i Kolstad Jostein Sivertsen om prestisjeprosjektet.

Og no går Sinkaberg AS inn som ny hovudsponsor for Kolstad Håndball. Men klubben vil ikkje kommentere kva beløp det er snakk om.

– Kolstad Håndball har signert ein ny sponsoravtale i første omgang fram til sommaren 2027, seier Vegard Selven, marknadssjef i Kolstad Håndball.

– Skal ein lukkast og få til store ting må ein viss risiko, legg Sivertsen til.

I tillegg til Sinkaberg AS er Rema 1000 også hovudsponsor for klubben som framleis satsar mot eit klart mål:

Ambisjonane er dei same. Me skal vinne Meisterligaen, seier dagleg leiar.

Les også Kolstad beholder plassen i mesterligaen

Sander Sagosen og Gøran Johannessen går ved siden av hverandre. Begge er i ført Kolstads håndballdrakt. Johannessen tar tak i venstre arm til Sagosen og kjenner på hans bisceps. Sagosen smiler

Spelarane gjekk med på lønsreduksjon

Sidan hausten 2021 har Kolstad Håndball hatt ei ambisiøs satsing.

Det var med stor tru på at me skulle bygge ein europeisk toppklubb. Og den trua har me framleis, seier Sivertsen.

Pressekonferansen hvor Sinkaberg ble presentert som ny sponsor for Kolstad. Tre menn står foran en vegg med påskriften Kolstad håndball. Vi kan også se noen logoer på veggen. De tre smiler og kikker rett i kamera. Fra venstre: Vegard Selven (markedssjef, Kolstad), Svein Gustav Sinkaberg (konsernsjef, Sinkaberg) og Jostein Sivertsen (daglig leder, Kolstad).

Oppdrettsselskapet Sinkaberg AS med hovudkontor i Rørvik blir ny hovudsponsor i Kolstad. Frå venstre: Vegard Selven (marknadssjef, Kolstad), Svein Gustav Sinkaberg (konsernsjef, Sinkaberg) og Jostein Sivertsen (dagleg leder, Kolstad).

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

To år på rad har klubben vunne ligaen i Noreg og skal nok ein gong spele i Meisterligaen.

Men så blei vegen til målet meir krevjande enn me hadde trudd, legg han til.

For etter at bedrifter begynte å kutte i sponsoravtalane sine, hausten 2022, måtte klubben ta grep.

Det resulterte i at klubben måtte kutte i løningar.

Me slepp dei bekymringane. Det er tøft for spelarane også å stå i ein krevjande økonomisk situasjon. Så det er klart at det går utover det sportslege, seier Sivertsen om den nye sponsoravtalen.

Les også Spillerne i Kolstad har gått med på lønnsreduksjon: – Det har vært krevende

Jostein Sivertsen i Kolstad Håndball.