Hopp til innhold

Kolliderte på Nardo

To bilar kolliderte på Nardo i Trondheim søndag ettermiddag. Ingen av dei fire personane som sat i bilane skal vere alvorleg skadd, opplyser politiet.

Kollisjon Nardo

– Ulykka vart meldt til oss klokka 1540, seier Frank Brevik, operasjonsleiar hos politiet i Sør-Trøndelag.

Kollisjonen skjedde i krysset mellom Utleirvegen og Balders veg, og alle nødetatane rykka ut.

To bilar var involvert, og det var fire personar i bilane.

–Desse har ikkje fått alvorlege skader, men begge sjåførane samt to barn vart sende til legevakta for ein sjekk, seier Brevik.

Ulykka førte til ein del trafikale problemer i området, men rett etter klokka 16 var vegen på det næraste rydda, opplyser politiet.