NRK Meny
Normal

Kollapsa på synfaring

44-åringen, som er tiltalt for å ha tatt livet av sonen sin på Byåsen i Trondheim, kollapsa under synfaringa på åstaden.

Synfaring Stavset
Foto: Morten Andersen / NRK

- Han kollapsa på same stad som dei fann sonen død. Først sette han seg ned og begynte å grine, så fall han pladask på golvet og blei liggande der og slå knytneven mot golvet. Det var ikkje muleg å snakke til han, forklarar advokat Abid Raja.

Tiltalte kom til bustaden saman med Trondheim tingrett, men måtte avbryte synfaringa etter kort tid. Han blei sendt med bil tilbake til Trondheim fengsel, mens retten heldt fram si synfaring. 

Mannen er tiltalt for å drepe sonen sin på 13 år med fjorten knivstikk 10. juni i fjor.

Tiltalen omfattar også ei rekkje tilfelle av grov fysisk og psykisk vald mot heile familien. Overgrepa skal ha skjedd i nesten sju år.

Nekta å forklare seg

Den tiltale 44-åringen nekta mandag å forklare seg for Trondheim tingrett om det som skjedde i famliens bustad 10. juni 2007.

På dommarens spørsmål om straffskuld for drapet, svarte han slik, med tolkens oversetting:

– Eg sender ei helsing til den døde sonen min. Han blei drepen heime hos oss. Det er eit faktum. Men eg hugsar ikkje korleis det skjedde. 

Meir ville tiltalte ikkje seie om det som skjedde drapsdagen. 

Les også: - Ikkje skuldig!
Les også: Sju år med overgrep

Paranoid personlegdomsforstyrring

Dei to psykiatrisk sakkunnige, seksjonsoverlege Bjørn H. Lervåg og forskingsleiar Jim Aage Nøttestad, har gitt tiltalte diagnosen paranoid personlegdomforstyrring.

Men dei har i si erklæring til retten konkludert med at han er strafferettsleg tilrekneleg.

Dette har 44-åringens advokat, Abid Raja, retta sterk kritikk mot. Han hevdar å ha prov på at tolken har gjort feil i det første avhøyret politiet gjorde av tiltalte.

Raja meiner tolkefeilane kan ha blitt ført vidare til den rettspsykiatriske erklæringa, fordi dei sakkunnige nytta same tolk.

Held fram med avhøyr

Etter synfaringa skal Trondheim tingrett høyre resten av tiltaltes forklaring, som startet mandag, men som ikkje handlar om drapet.

Forklaringa handlar i staden om mannens vanskelege liv i Iran, Pakistan og Norge.

Forsvaren satsar på å få sin klient frifunnen ved å prøve å overtyde retten om at tiltalte var psykotisk eller i ein tilstand som gjorde han strafferettsleg utilrekneleg då drapet skjedde.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25