NRK Meny
Normal

Må koke drikkevatnet i Steinkjer

Innbyggarar i store delar av Steinkjer kommune må no koke drikkevatnet. Det er oppdaga bakteriar i vatnet, og kommunen vel å gå ut med kokepåbod for å vere på den sikre sida.

Luftfoto over Steinkjer

I store delar av Steinkjer må drikkevatnet kokast. Det er funne tarmbakteriar i vatnet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Tarmbakterier i vatnet

SMS-en som Steinkjer kommune sende ut til innbyggarane.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Det er snakk om E. coli-bakteriar og andre tarmbakteriar.

– Ein kan bli sjuk, til dømes få diare, av å drikke vatnet. Dei som har nedsett immunforsvar bør absolutt koke drikkevatnet sitt, seier tenesteeiningsleiar for vatn og avløp i kommunen, Knut Morten Husby.

Store område

Han oppmodar alle som bur i dei aktuelle områda om å koke vatnet sitt, til dømes ved å bruke vasskokar.

Det er prøver frå vassbassenget på Skjefte som har utslag av tarmbakteriar.

– Det er snakk om store område: Røysing, Gosen, Reinsvegen, Byafossen, Guldbergaunet, Skjefte, Trana, Lerkehaug, Henning, Lø, Sørlia, Mære og Sparbu, seier Husby.

Dei som får vatn frå Heggesåsen, det vil seie områda nord for byen, er ikkje råka.

(Artikkelen held fram under videoen)

Folk i store deler av Steinkjer kommune må koke drikkevannet sitt. Det er funnet tarmbakterier i vannet som kommer fra vannreservoaret på Skjefte.

Får fleire prøvesvar fredag

Torsdag ettermiddag har kommunen nettopp fått vite om prøvesvara, og har sendt ut varsling om kokepåbod via sms til innbyggarar.

– Vi prioriterer no å varsle abonnentane som får vatn som kan vere forureina. Når vi har gjort det, må vi prøve å finne den eventuelle kilden, seier Knut Morten Husby.

– Vi veit ikkje kor bakteriane kjem frå. Det kan vere feil med prøvene, eller innlekk i systemet, seier han.

– Når veit de om det er snakk om feil med prøvene?

– Fredag ettermiddag. Inntil da må folk koke vatnet, og følge med på heimesida til kommunen, seier Knut Morten Husby, leiar for vatn og avløp i Steinkjer kommune.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.