Kleppa: - Eit distriktspolitisk løft

16 millionar kroner til etableringa av Distriktssenter, blant anna i Steinkjer.

 

Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: NRK

Kilde: Kommunal- og regionaldepartementet

-  Vi held fram med distriktsløftet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I statsbudsjettet for 2008 føreslår regjeringa å auka dei særskilde løyvingane til distrikts- og regionalpolitikken med 115 millionar kroner.

.

Vil betre vilkåra for små vekstføretak

Viktige prioriteringar i neste års statsbudsjett er å betra vilkåra for små vekstføretak, program for kvinner og næringsutvikling, attraktive stader og etablering av eit eige Distriktssenter40 millionar kroner går til ei ny støtteordning retta mot små, nyetablerte vekstbedrifter innanfor det distriktspolitiske verkeområdet.

- Dette vil gje desse bedriftene eit stort løft, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Den nye stønadsordninga skal medverka til at fleire vekstetablerarar i distrikta kan realisera ideen sin, og at deira evne til gjennomføring og overleving aukar. Ordninga skal rettast inn mot eit fåtal bedrifter der mangel på kapital hindrar vidare utvikling av verksemda.

For føretak langt frå kapitalmarknaden

- Dette vil vera ei ordning som er god for dei føretaka som etablerer seg langt frå kapitalmarknaden og dermed kan oppleve mangel på risikovilleg kapital. Mange kvinner slit med å skaffa nok eigenkapital til verksemdene sine. Her kan dei få hjelp, seier Kleppa.

Kvinner er viktige bidragsytarar både til auka verdiskaping og for å halda på busetnaden i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa, og vil løyva heile 16,5 millionar kroner til ei forsterka satsing på kvinner og næringsutvikling i 2008.

Kommunal- og regionaldepartementet vil leggja til rette for at Innovasjon Noreg kan utvikla mentorordningar for unge etablerarar.

Det er sett av 10 millionar kroner til utvikling av attraktive stader, mellom anna til tettstadprogrammet BLEST (Bulyst og engasjement på små stader og tettstader) i samarbeid med Husbanken.

Kompetansesenter i Steinkjer

I 2008 vil regjeringa etablera eit Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) med kontor i Alstadhaug, Steinkjer og Sogndal. Regjeringa set av 16 millionar kroner til etableringa av senteret i 2008.

Den raudgrøne regjeringa har styrkt dei regionalpolitiske verkemidla med 366 millionar kroner frå 2005 til 2008.

- Eg er særs glad for å presentera eit budsjett som løfter distrikta på brei front, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

 

Video fra Trøndelag

Black Friday var god gjødsel for kjøpelysten. Hyllene på post i butikk er fylt til randen. Dessuten kommer julegavene snart for fullt. Folk må hente - nå, er ropet fra butikkene.
Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.