Hopp til innhold

Klar, ferdig, trådlaust!

Trondheim blei i dag ein av Europas første trådlause byar.  

Trondheim tilbyr utendørs trådløst bredbåndsnett.
Foto: MMS-foto: Nils Åge Nonstad / NRK

Det skjedde då det trådlause breibandsnettet blei offisielt opna i byen klokka 1200.

- Vi er veldig stolte over det vi har fått til. Dette er ein milepæl for oss, seier leiar i Trådløse Trondheim, Thomas Jelle, til NRK Trøndelag.  

Surf i veg, kvar som helst...

Med trådlaust breibandsnett skal kven som helst kunne surfe på nettet, kvar som helst i området frå Midtbyen, over Elgeseter bru og opp til NTNUs campus på Gløshaugen.

- Førebels er det berre tilsette og studentar ved NTNU og tilsette i Trondheim kommune som kan nytte seg av breibandsnettet, men innan jul reknar vi med at kven som helst kan nytte det, seier Jelle.

For å kunne nytte nettet må du kjøpe tilgang hos ein etablert teleoperatør. 

Trådlaus byvandring

Det er ikkje berre pcar som kan kople seg på det nye, trådlause nettet. Dei aller fleste nye mobilane kan også nyttast.

I tillegg kan du delta på ei historisk, trådlaus byvandring med det nye nettet. 

- På pcen din eller på mobiltelefonen kan du få ut historier og bilder frå 1800- og 1900-talet om staden du står på. Du kan også søke deg inn på eit bykart og få informasjon om ulike punkt og plassar i bybildet i Trondheim, seier Jelle.

Samarbeid mellom fleire

Det er aksjeselskapet Trådløse Trondheim, som er eigd av NTNU, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Trondheim kommune og Sparebank1 Midt-Norge som styrer det trådlause breibandsnettet.

NTNU har støtta prosjektet med to millionar kroner i aksjekapital, mens dei tre andre selskapa har støtta med ein million kroner kvar.