Klager på smerter etter ulukke

Politiet har ikkje kome fram til ulukka på Indreøy enno, opplyser operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm. Dei fekk melding om ulukka klokka 15.16. Ein varebil og ein personbil skal vere involvert. Det var to personar i den eine bilen. Ein airbag skal vere løyst ut. Ein person klagar på smerter i brystet som følgje av beltebruk under kollisjonen. Operasjonsleiaren oppfordrar folk til å vere obs på glatt føre i heile fylket.